Gå til sidens hovedinnhold

Vi trenger lærlinger, også i koronatider | Siv Henriette Jacobsen

– Næringslivet treng arbeidskraft, særleg gjeld det ansatte med fagbrev.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Lærlingar spelar ei avgjerande rolle for å sikre kompetent arbeidskraft både i privat og offentleg sektor, no og i framtida.

Fleire treng læreplass, og Viken-samfunnet er heilt avhengig av fagarbeidarar og kompetent arbeidskraft uansett kva slags varer og tenester som skal leverast. Vi kan ikkje setje arbeidet med å skaffe læreplassar på korona-pause.

Treng arbeidskraft

Næringslivet treng arbeidskraft, særleg gjeld det ansatte med fagbrev. NHO sitt kompetansebarometer viser at 6 av 10 bedrifter har eit udekka kompetansebehov. Bedriftene rapporterer om at mangelen på kvalifisert arbeidskraft avgrensar veksten i selskapet.

Samstundes ser vi at korona-pandemien gjer at lærlingar blir utrygge og gjer det vanskelegare å finne læreplass. Mange bedrifter avventar situasjonen før dei tek inn nye lærlingar.

Det er difor viktigare enn nokon gong at bedrifter og verksemnder som alt har lærlingar, vurderer å ta inn fleire. Vi oppmodar verksemnder som ikkje har lærlingar til å ta inn lærlingar når aktiviteten tek seg opp att. Det er viktig at Stortinget og regjeringa hjelper til der dei kan. Ei auke i lærlingetilskudd vil difor vere viktig.

Ekstra innsats

Viken fylkeskommune vil gjere ein ekstra innsats for lærlingar som risikerer å bli sagt opp eller permittert som følgje av koronasituasjonen.

No kan opplæringskontor og lærebedrifter igjen søkje om tilskot til opplæring og kurs for lærlingar og lærekandidater.

Denne gongen gjeld det innanfor utdanningane restaurant- og matfag, service og samferdsel, design og handverk samt medieproduksjon.

Har jevnleg kurs

Viken fylkeskommune tilbyr kurs for faglege leiarar og instruktørar. Vi har jevnleg kurs og lager spesialsydde kurs på oppmoding frå opplæringskontor/bransjer.

Vi ser ofte at lærlingar er dei som først går ut døra og dei siste som kjem tilbake. Det er lite framtidsretta og lite klokt. Bedrifter som no har permittert, må sørgje for at lærlingane blir blant dei første som blir tekne inn att.

Vi jobbar med å få på plass ein læreplassgaranti. Ein slik læreplassgaranti er ikkje noko Viken fylkeskommune lagar åleine. Dette skjer i tett samarbeid med partane i arbeidslivet, med kommunar og stat og der Yrkesopplæringsnemnda i Viken spelar ei sentral rolle i forankringa av garantien.

Garanti

Fundamentet for læreplassgarantien finn vi igjen i Samfunnskontrakten for fleire læreplassar – Viken-kontrakta, som hausten 2020 blei underteikna av mellom andre NHO, LO, KS, Nav og Statsforvalteren i Oslo og Viken.

Både læreplassgarantien, Viken-kontrakta og arbeidet med å utarbeide lokale og regionale Samfunnskontrakter legg til rette for systematisk arbeid for etablering av fleire læreplassar.

Det finns mange engasjerte lærebedrifter i Viken. Desse bedriftene ser fordelen av å satse på lærlingar.

Dei tenkjer langsiktig på eige – og bransjens – rekrutteringsbehov.

Privat sektor, og spesielt industrien, har lang tradisjon for å ta inn lærlingar. Slik styrkast verdiskapinga i bedriftene samstundes som ein sikrar kompetent arbeidskraft.

Kommentarer til denne saken