Han sovna stille inn på Heradsbygda omsorgssenter natt til 3. april etter å ha vore sjuk nokre dagar.

Mange på Ringerike visste kven Bjørn var. Eller Knoph, som dei fleste sa. Han var journalist og hadde lett for å få kontakt med folk. Her i Hønefoss arbeidde han først i Fremtiden, seinare i Ringerikes Blad. Han voks opp i Oslo og Lillehammer, og starta arbeidslivet i Lillehammer-avisa Dagningen.

Etter krigen møtte han Pauline på eit kurs i England, og dei to gifta seg og heldt saman heile livet. Pauline døydde for fleire år sidan og Bjørn kjende seg nok mykje einsam etter det. Bjørn og Pauline hadde ikkje barn. Dei fekk gode naboar då dei kom til Hønefoss, og no er det tredje generasjon Hansen på Storløkka som har tatt seg av Bjørn på ein god måte.

Eg vart kjent med Bjørn gjennom arbeidet i Heftet Ringerike. Heile redaksjonen feira 70-årsdagen hans i København. Seinare har han og eg vore på gutetur til København og Stockholm.

I mange år inviterte han til bakalao-gryte innunder jul med godt drikke og gode historier. Bjørn hadde mange gode historier å fortelja, frå krigen på Lillehammer og frå journalist-livet på Ringerike.

Han var nysgjerrig og interessert i folk heilt til det siste. Han kunne då fleire gonger under ein hyggeleg samtale spørje kva du dreiv med og kva du heitte, alltid på ein høfleg og positiv måte.

Det sit att mange gode minne etter denne omgjengelege gentlemannen som hadde så mykje å dele med andre.

Olav Norheim