Gå til sidens hovedinnhold

Tankar omkring byplan for Øya-området | Audhild Olaisen

– Mange norske kystbyer har i årevis stått i kampen for å hindre lukking av sjølinja som kapitalsterke utbyggarar gjerne vil gjøre om til attraktive bustader. 

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eit ordtak seier omtrent dette: Dersom du vil lære deg sjølv å kjenne og ta gode valg for framtida, bør du kjenne bakgrunnen din og historia di. Her kan dette overførast til byen Hønefoss.

LES OGSÅ: Et ensomt høyhus | Tor Arne Johnsen

Næringshistoria til Hønefoss er i stor grad sentrert omkring utnytting av kraft frå Hønefossen.

Dokument frå så tidleg som 1300-talet omtalar bruk av fossen som drivkraft til møllebruk. Nokre århundre seinare var 23 sagbruk i drift.

Bystatus

Sentralt for begrunnelsen for at Hønefoss i 1851 fekk bystatus, var den store næringsverksemda som drog nytte av fossekrafta.

Vel å merke seg er at det ikkje var enkelt å få bystatus på den tida. Det måtte begrunnast godt.

Øya var heile denne perioden sentral. Dei få bygningane som nå står igjen etter siste fase av industrialiseringa, er på Øya. Det er flotte bygningar i tegl.

Les også

Nå skal høyhus-planer behandles: – Utbygger må dokumentere virkningene

Desse historiske byggverka druknar i den nye, tette og høgare bygningsmassen slik det er vist i byplanen.

Dekorativ skjermfasade

Av Lloyds fabrikkanlegg blir det tilbake berre fragment som dannar ei dekorativ skjermfasade under høghuset. Den opphavlege samanhengen er borte. På denne måten blir ein større del av Hønefoss si materielle historie trekt inn i skyggen.

Den planlagte kompakte bygningmassen dannar også ein mur mot fossen. Både fossen og monumentet over oppgangssaga blir halden utanfor.

Mange norske kystbyar har i årevis stått i kampen for å hindre lukking av sjølinja som kapitalsterke utbyggarar gjerne vil gjere om til attraktive bustader.

Kommunar i skvis

Økonomisk svake kommunar kan kome i skvis her når det er snakk om profitt.

Les også

Det blåser motvind mot høyhus | Arne S. Sørland

Når det gjeld Hønefoss, veit eg ingenting om korleis dette forholder seg. Men tilhøva her kan minne om denne problematikken. Her er det ikkje sjøen, men fossen og til dels elva det gjeld.

Sjølve høghuset vil danne eit forstyrrande brot i landskapet. Det vil bli eit blikkfang som vil dominere resten av sentrum. Det vil også hindre det store utsynet frå sentrum mot fossen. I tillegg forsterkar eit slikt høghus kulde og vind i området rundt.

Kistefos og The Twist

I avisa sin høghusdebatt er det gjort samanlikningar med Kistefos Kunstmuseum som publikumsattraksjon. Det blei uttrykt forventning om denne type suksess også for Øya. Kistefos er eit kunst- og industrihistorisk museum, og Øya er ein bydel.

Likevel kan det vere interessant å samanlikne desse på nokre områder. På Kistefos er industrihistoria behandla med pietet.

Dei gamle fabrikkbygningane er tatt godt vare på og er frittliggande utan konkurranse med andre bygg. God informasjon om industrihistoria er plassert på aktuelle stader.

The Twist ligg godt tilbaketrekt i elva og dei mange modernistiske skulpturane ligg spreidd i det store parklandskapet.

Fortid, nåtid og framtid

Her lykkast det å kombinere fortid, nåtid og framtid. Sveaas ville neppe plassert eit høghus her for å virke framtidsretta.

Tilbake til Øya-området. Dei lokale styresmaktene kan også få mye interessant og nyskapande ut av bydelen utan å bryte så drastisk med det etablerte, men heller tilpasse seg området rundt og ta vare på industrihistoria.

Kommentarer til denne saken