Gå til sidens hovedinnhold

Spis norsk kjøtt med god samvittighet! | Håkon Haug Laa

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det har den siste tida vore stort fokus på at ein bør eta mindre kjøtt, spesielt rødt kjøtt. Det er kjøtt frå storfe og sau. Er det riktig at norsk rødt kjøtt må reduserast for å redda klimaet?

Eg meiner nei. Det er brenning av fossilkarbon som er problemet. Eg har lyst å forklare litt kvifor eg meiner folk kan eta norsk rødt kjøtt med god samvittigheit.

Det å produsere proteiner i land-Noreg er ikkje lett. Norge er eit land som består av lite dyrka jord(3%) og det er endå mindre som kan brukast til å dyrke korn og grønsaker(1 prosent).

Viktig utmark

Derfor har det gjennom alle tider vore viktig å bruke utmarka til å produsere mat. Det er drøvtyggarar t.d. sau, geit og storfe som kan nyttegjera seg plantene i utmarka. Frå mai til oktober går storfe, geit og sau ut og et graset.

Frå dyra får me mjølk og kjøtt som inneheld proteiner og andre næringsstoff som er bra for menneske å eta.

Les også

Leif Kagge finner mat i søpla: – Spiser gjerne det som har gått ut på dato

Beiting i utmark bidrar til større biologisk mangfald. Utan beiting vil det bli gjengroing. For intensiv beiting er ikkje bra. Beiting som hindrar gjengroing og samtidig held botnvegetasjon i god vekst gjennom sommaren kan vera med å binde karbon i jorda og gjer eit stort biologisk mangfald.

I tillegg til større biologisk mangfald har opent beitelandskap større refleksjon av solinnstråling (albedo). Dette reduser oppvarminga av jorda. Dette er ikkje tatt med i klimagassregnskapet.

Har alltid sleppt ut metan

Drøvtyggarane har alltid sleppt ut metan. Metan som kjem ut i atmosfæren vil i løpet av 10 til 15 år vera omdanna til karbondioksid og vatn som plantene tar opp.

Gjennom fotosyntesen blir karbondioksid omdanna til sukker som menneske og dyr kan eta. Det at dyra slepp ut metan er tatt med i klimarekneskapet, men det at planter og skogen binder karbonet i er ikkje tatt med. Er det riktig måte å laga klimarekneskap på?

Les også

Hør Leif Kagge i ny podkast: – Jeg er nok en fillefrans

Eit veldig viktig argument for at ein bør forsette med kjøttproduksjon i Norge, er matvaresikkerheit i framtida. Dersom det blir varmare klima på jordkloden vil arealet ein kan dyrke mat på gå ned.

Etterspørselen vil auke

Samtidig vil talet på menneske på jorda gå opp. Etterspørselen etter mat vil auke. Derfor er det viktig å oppretthalde produksjon av mat her i landet.

Derfor: Et norsk kjøtt med god samvitigheit. Norsk kjøttproduksjon er med og sørger for framtidig matvaresikkerheit, bidrar til arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien og landbruk over hele landet.

Enig eller uenig? Si det her!

Les også

Ask gård vant matpris: Nå skal de utvikle en helt ny salami

Les også

Landbruket er løsningen – ikke problemet | Helge Stiksrud (V) og Ole Andreas Lilloe-Olsen (V)

Kommentarer til denne saken