Gå til sidens hovedinnhold

Mens vi venter ...

Artikkelen er over 4 år gammel

Spaltist Svein Olav Blindheim Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

No er det like før! Værteikn og vårteikn er der, og med stigande forventning er sansane retta mot himmelen i sør. Kvart øyblikk som helst kan dei dukke opp i synsranda i kjent v-stil. Ja, v-stil må det vere om ein skal flyge langt, det veit alle frå hoppbyen Hønefoss, byen som snart kan skilte med ein himmelsk hoppbakke midt i sentrum. V for victory, V for vinger, V for vilje, V for velkomen og V for vår.

Og med våren kjem grågåsa/kortnebbgåsa med det glade bodskap frå syd: «Det blir sommar i år og!»

Med låt som gamle bilhorn, helsar dei til sine nære slektningar som har slått seg til i Storelva, i det «plogen» passerer.

Eg veit at eg har vore innom temaet før, men dei sluttar aldri å fasinere.

Svein Olav Blindheim

Musiker, forfatter og spaltist

 

Å sjå dei, og høyre dei kome tutande og skjenande på nord, omtrent som Austjordkorpset på 17. mai, det er både like rørande og like flott.

Kva har dei med til meg i år? Kva har sommaren i ermet? Er det gleder? Er det sorger?

Når dei til hausten igjen passerer over hustaka våre på sør, så veit eg svaret. Men før det, skal eg nyte kvar ein solstråle, kvart eit blomstrande mirakel, både i og utanfor drivhuset. Kanskje kan blåmeisungane på drivhusveggen få leve opp i år? I fjor gjorde dei ikkje det.

Den som lever får sjå.

Flere tanker fra Svein Olav:

Kommentarer til denne saken