Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kona mi er audiopedagog med førskulelærar-utdanning i botnen og er vel litt forplikta til å stole på høyrselen. Men av og til kan det halde hardt.
I embets medfør var ho ein vårdag på skulebesøk i ein barneskule når dei som skulle starte i første klasse var innom for å bli litt kjend. Dei blei vist rundt og fekk til og med kome inn på rektor sitt kontor. Som ungar flest så spurte og grov dei om mykje rart, blant anna om kvifor det sto ein sofa der.
Rektor forklarte at her kunne dei få kome inn og ligge litt nedpå dersom dei vart sjuke eller hadde skada seg. Kanskje var det nokon som ville prøveligge? Jadå, frimodige som 6 åringar enno er, så blei det mange frivillige.
Tilfeldigvis blei ein gut og ei jente liggande der samtidig og då tok det ikkje lang tid før ertinga starta: «Kjærester, åå kjærester».
For å ta brodden av situasjonen spurte kona mi om det kanskje var nåkken i gruppa som hadde ein kjæreste. Ein liten tass var raskt oppe med labben. «Jaså, du har en kjæreste? Nei men så hyggelig! Hva heter hun da?»
Svaret skulle få ein erfaren pedagog til nesten å ramle av stolen: «Jeg hakke pult a».
Det gjekk frå hakeslepp til undertrykt latter på ein augneblink, og pedagogen måtte snu seg bort som snarast mens hjerna jobba på spreng for å finne ein adekvat respons.
Kva seier ein til slikt? Kanskje rakk ho å reflektere over at dagens seksåringar slett ikkje var slik som dei ho lærte om på Lærarskulen i Volda på 70-talet og plutselig virka historia om “blomsten og biene” litt avleggs. For å vinne tid prøvde ho seg så med: «Ne-hei, du er vel kanskje litt for ung til det?»
Men poden må ha merka latteren som bobla rett under overflata for no gjentok han høgt og tydelig, og litt ergerlig:
« Jeg - siel ; Jeg -vet - ikke- hva - a- hetel - fol - jeg - hal - ikke - pult - a!”