Ein kjær følgesvenn gjennom dei 20 siste åra har tatt kvelden. Monsern hadde begynt å røyte svære dottar midt på kaldaste vinteren. Han åt som ein hest, men vart tynn som ein skihoppar.

Når han ein dag begynte å gå som ein fyllefant, var det ingen veg utanom. Matmor kom heim og tok han med til vetrinær.

Der fekk han påvist tiltakande hjartesvikt, han måtte få sleppe å lide meir, og det var heilt greitt. Eller nesten heilt greitt. For med eit kjeledyr som i den grad er blitt eit medlem av familia, så er det aldri heilt greitt.

Navnet Monsern kom først etter at katten vart kastrert. I starten heitte han Cæsar, men med ballefjerninga gjekk det fort nedover med keisarverdigheita, og då blei det Monsern. Likevel var han bratt i halen, og beheldt krullen på toppen like til det siste.

Med katteluke i hagestua og ein hjelpsam nabo, har det vore lite kav å ha katt. To dager har gått fint utan tilsyn, då har vi lagt ut solide porsjonar med mat. Ein gong syns han vel han hadde fått så rikeleg at han like godt inviterte nabokatten inn på eit gratis måltid. Det var siste gongen den katten var innom. Nabokatten kunne nemleg ikkje kunsten å opne døra innafrå, med det resultat at begge blei innestengd av dørmatta. Monsern låg og kula`n i ein stol, mens nabokatten raste rundt vetskremd da matfar kom for å befri.

Stakkars Monsern var uheldig å ta ein skjorunge tidlig i karriera. Skjora husker godt og har vondt for å tilgi, med det resultat at han seinare aldri fekk gå i fred. Å skulle prøve å snike seg innpå eit bytte var nyttelaust med ein rasande skjoraflokk hoppande rundt. Og låg han på plenen og ante fred og ingen fare, var ho der og beit han i halen. Så kjapp at eit counterattack var nyttelaust.

Mot slutten vart det litt slitsomt dette med maten, både for han og oss. Han brukte alle triksa i boka. Å ligge langflat framfor skåla med bedande blikk og små klynk var det som virka best. Og det var slett ikkje likgyldig kva skåla blei fylt med. For å unngå tekstreklame skal eg ikkje nevne merke, men eg kan røpe at det skulle helst vere dyrt. Såpass at vi no kan drukne sorga i ei bra flaske vin pr. veke, til same prisen.

Så skål då gamle ven, og takk for følget.