I Gutta på Skauen har vi ei serviceerklæring for damer, som vår frontmann Per "Pelle" Vollestad framfører med fynd og klem og stor innleving. At damer skal stellast pent med, det er vi skjønt einige om, men likevel er denne sanne historia eit godt stykke over i gråsona for kor langt vi bruker å strekke oss.

Det skjedde tidlig på 2000-talet. Eg hadde møtt til avtalt tid på ei privat adresse i Bærum der vi skulle øve. Av ein eller anna merkeleg grunn så dukka ikkje Pelle opp. Det varte og det rakk og vi kommenterte det uvanlige i at han var forsinka.

Men så omsider kom han - sprekkeferdig, lattermild opp trappa og fortalde fylgjande historie:
På veg ned frå parkeringsplassen hadde han høyrt eit rop om hjelp i det han passerte eit hus. Det var ei svak damestemme som ropte: “Hjelp- Kan noen hjelpe meg?” Lyden kom frå eit ope vindauge i andre etasje, og det var såpass desperasjon i stemma at Pelle reagerte på instinkt med å svare på nødropet.

Etterkvart dukka det opp ei gammal dame i vindauget. Jomfruer og eldre damer i nød appellerer til beskyttergenet hos oss skogens menn, så Pelle fekk ho til å kaste ned nøkkel så han kunne låse seg inn. Vel innafor dørene i eit framand hus vart han konfrontert med det som kunne sjå ut som ei litt trist bakside av norsk eldreomsorg. Heimehjelpa hadde ikkje kome denne morgonen og dama trengde hjelp til - bleieskift. Ein ganske absurd “Kva hadde du gjort dersom ...“ - situasjon.

Men her var det eit medmenneske som trengte hjelp, og etter å ha vurdert alle utvegar, skjønte Pelle at det var berre ein ting å gjere. Med tre barn og lang erfaring som bleieskiftarbeidar i ryggsekken fekk vår hedersmann buksert dama inn på badet. Stellebord var ikkje aktuelt, så det måtte skje ståande. Og mens han jobbar i dei nedre regionar går det brott eit forklåra lys over andletet til dama i det ho ser ned på denne denne kjekke, unge mannen som ho har fått med seg på badet. Og så kjem det;
“Men, er det ikke Per Vollestad da?!”

Jau, han måtte nok tilstå det. Åå- ho hadde vore i operaen med veninnene sine og sett han fleire gonger, og dei var såå begeistra.

Her, på eit framand bad, eit godt stykke utanfor komfortsona møter altså Pelle ein av sine største fans. Og med slik ein service blir vel ikkje køa av fans kortare vil eg tru, når historia blir kjend.

Kanskje litt vanskelig å ta den med i cv-en, men det burde han, for dette er den beste attesten ein mann kunne fått.
“Ekstraservice det er Pelle det”


Samtidig snik det seg inn eit betimeleg spørsmål: “Kor langt kan ein stalker vere villig til å gå?”