Argumenterande barn ...

Søsken kan vere påfallande ulike som typer.

Søsken kan vere påfallande ulike som typer. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

SpaltistSøsken kan vere påfallande ulike som typer. Vi fekk ein som var fysisk og ein som var verbal. Den fysiske fann vi ofte igjen i toppen av tre eller lyktestolpar, mens den verbale helst sat på rompa og las.

Begge var dei ei kjelde til humør og humor på den eine sida, men også frustrasjon og sinne. Heldigvis har vi ein tendens til å gløyme det siste.

Då vi som var unge og radikale på 70-talet fekk barn, har eg inntrykk av at vi ofte fekk argumentarande barn.

Debatt var i utgangspunktet bra syntest vi, og fekk svi for det. Den verbale av våre to var av det slaget.

Ein gong i femårs-alderen var han på besøk hos besteforeldra. Mens han sat fordjupa i Donald Duck, dreiv dei og steikte smultringer.

Han fekk sjølvsagt smake, og han elska det. Det blei fleire smultringar, men til slutt måtte mora gripe inn.

– Nå kan du ikke få flere.

Poden: – Men bare en til!

Mor: – Nei, du kan ikke få flere, for nå skal vi hjem og spise middag.

Poden: – Jammen, jeg har en tvangsnevrose som gjør at jeg bare må ha smultringer!

Som du kanskje skjøner, så fekk poden ein smultring til. Det nytta å argumentere. Og kvar hadde han plukka opp tydinga av tvangsnevrose? Jau, frå Donald Duck, der han akkurat hadde lest om det.

I tillegg til smultringer, så slukte han alt slags lesestoff. Den sommaren han var fem, var han på besøk hos bestemor på farssida.

Der fann han den største boka i hylla, og la seg på golvet.

Etter litt kom det frå poden:

Denne boka skulle du ha lest farmor!

Farmor: – Å, ka heite den då?

Poden snur boka og staver: – Skikk-og-bruk.

Eg trur ikkje han skjønte at han hadde vore morsom før han høyrde kor farmor klukka og lo.

Men den fysiske av barna våre kunne også argumentere. Han vaks opp med skog på tre kanter og hadde det som plommen i egget.

Når vi ymta frampå om han ikkje snart ville delta i meir organiserte aktivitetar, så svarte han:

– Jammen jeg er jo et barn, jeg må jo ha tid til å leke!

Så sant, så sant. Og slik blei det.

Artikkeltags