Spaltist: Sol og regn...

Cd-slipp: Høgt til vers med Dikter Arild. Tegning: Halvor Blindheim

Cd-slipp: Høgt til vers med Dikter Arild. Tegning: Halvor Blindheim

Artikkelen er over 4 år gammel

Ei hending som no vel kan kallast historie, skjedde nede i den gamle presteboligen i Hønefoss. Dette var i februar 1993 og no var det Oddvar Hagen og Musikkskulen som var residerande. Nytt, flott opptaksutstyr var rigga til for plateinnspeling. Artisten var “Dikter Arild” - Nyquist, mens musikken var ved underteikna.

DEL

CD-en skulle heite “Sol og Regn”, og på presten sitt soverom, og til dels også på do, kunne ein høyre Nyquist messande på hardtslåande tekstar som “Jeg kverka Arvid med et jævla nakkeslag”.

Erik frå Hønefoss Lyd styrte spakane med sikker hand, og inn og ut av presteboligen gjekk det kjende navn som Knut Reiersrud, Alfred Janson, Børge P Øverleir og Geir Wentzel.

Platesleppet vart ei historie for seg. Ein solblank formiddag foretok vi norgeshistoriens første faktiske plateslepp på Universitetsplassen i Oslo ved hjelp av kranbil.CD-en var eit nytt og lett format, som kunne sleppast frå stor høgde utan fare for personskade. Vi allierte oss med brannvesenet i Oslo og fikk låne eit brannseil som sikring. Arild hadde høgdeskrekk og derfor forlangte han, ikkje berre brannseil, men også ei seng av halmballar under seilet dersom uhellet skulle vere ute.

Godt “sjølvmedisinert” og skrekkslagen blei han så heist opp jamnhøgt med taket på Universitetet. Langt der nede kunne han sjå frivillige omkranse brannseilet samt hundrevis av skuelystne. Hadde han ensa det, kunne han ha høyrt tuting frå båtar på fjorden og kurring frå duer i gesimsen som lurte på kva for ein pussig skrue med diger bart som hang der og dingla. Men nei. Han hadde sitt å tenke på stakkar.

Arild hadde også flyskrekk, derfor skulle han, - mens han var der oppe, - om nervane og stroppa heldt, lese eit dikt om det å reise med fly. Men i stresset før himmelfarta hadde han gløymt diktboka og måtte heisast ned for å hente den. Vel oppe igjen, når diktet var stotrande avlevert via megafon og han skulle sleppe cd-en, så hadde han jaggu greidd å gløyme den og.

Situasjonen var som skapt for ein Knut Borge som i kjend lakonisk stil kommenterte og intervjua ein opphengt, nervesliten dikter. Arild høgt til vers og Knut trygt planta på bakken med mikrofon, tydelig glad for at det var slik rollene var fordelt.

Det var nok dessverre “sleppet” som fekk dei største overskriftene sjølv om plata vart fin den, og fekk skryt i både Dagbladet og VG. Om nåkken skulle tvile, så finnast det fortsatt nokre eksemplar igjen.

Og mottoet var: Været eller ikke været, CD (Se det) er et spørsmål om “Sol og Regn”.

Artikkeltags