På tur til New Orleans

Gospel: Å oppleve norske ungdomar som syng dei farga sin eigen musikk på ypperleg vis, blei sterkt.Tegning: Halvor Blindheim

Gospel: Å oppleve norske ungdomar som syng dei farga sin eigen musikk på ypperleg vis, blei sterkt.Tegning: Halvor Blindheim

Artikkelen er over 4 år gammel

Anna kvart år tar Supperådet seg ein utanlandstur, og i år var New Orleans målet.

DEL

«Supperådet» består av 6 godt vaksne karar i Hønefoss som møtest no og då til suppe, hygge og frisk debatt.

Før vi drog hadde eg gjennom Jan Inge Melseter frå Suløen fått kontakt med ein kjend gospel/jazz-sangar med navnet T.C. Hawkins. Han var ingen «kven som helst» skulle det vise seg. Karriera omfatta bl.a. store navn som Tina Turner og B.B. King, og ikkje minst «The National Anthem» - før ein av Muhammed Ali sin boksekamper.

No hadde han si eiga Baptist-kyrkje i N.O., og med kyrkja sin buss henta han oss på flyplassen, ikkje berre for å frakte oss til kyrkja, men til alt vi ellers måtte ynskje å sjå - eller høyre. For N.O. er først og fremst ein by du høyrer, - og lukter, særlig Burbon Street. På veg gjennom denne gata kunne du til ein kvar tid høyre minst 4 ulike band som kappast om merksemda og pengane dine. Betaling fekk dei gjennom velvillig kollekt. Dører og vindauge sto på vidt gap og det var eit lurveleven utan like. Særlig når vi fekk St.Patricksday-opptog på toppen, vart det såpass heftig at sarte norske øyrer måtte ta telling på rommet.

Den største opplevelsen fekk vi likevel søndag morgen i kyrkja til T.C. Då stilte den farga menigheita i sin finaste stas, med eit stjernelag av musikanter i «grava» og eit omfangsrikt kor i front, og med sjølvaste Supperådet ringside. Ja, vi blei høgtideleg presenterte og måtte handhelse på halve menigheita. Som om ikkje dette var nok, så hadde dei besøk av eit lite norsk kor. Desse sto først rett opp og ned som kvite pålar i eit bølgande hav av farga koristar. Etterkvart gav dei seg hen og blei med i «korbevegelsen». Det toppa seg då dei blei tatt fram for å synge solo, då tok det fullstendig av.

Å oppleve norske ungdomar som syng dei farga sin eigen musikk på ypperleg vis, dirigert av T.C., ståande framfor eit dansande, klappande og hoiande farga publikum, det blei sterkt. Frå sidemannen kom fygjande kommentar: «Jeg tror jeg er litt lettrørt i dag, jeg». Og då vi såg bortover rekka, sat alle suppegjøkane blanke i augene.

Om det blir tårevått i Ullerål Kirke sønd. den 23. august er ikkje godt å seie, men faktum er at då kjem T.C. Hawkins til Hønefoss med band for å avslutte sin norgesturnè.

Artikkeltags