Svein Olav Blindheim: Troll i ord....

Artikkelen er over 2 år gammel

Når vi ynskjer "Godt nytt år" til både kjende og ukjende, så er det noko litt unorsk over det. Folk seier det ofte med ei glede og oppriktigheit som forundrer.

DEL

SpaltistDet er akkurat som om dei endeleg får lov til å gi uttrykk for at dei vil deg vel. I butikkar, på gata, ja vilt framande ser deg i augene og ynskjer at året ditt skal bli godt.

Og det er slett ikkje lite. Dei kunne berre ha hasta forbi som dei ellers bruker. Men så svarer du sjølvsagt like blidt og dermed blir dette eit øyeblikk av vennligheit som aukar serotoninnivåa i hjernene våre og gjer oss litt lykkeligare. Vanskelegare er det ikkje.

Då står det ikkje like bra til med helsinga "God jul!". Den har det gått inflasjon i. Kommersielle krefter har delvis omdefinert innhaldet til å bety kjøp ditt eller kjøp datt, innforstått - så får du ei "God Jul". Dermed greier vi ikkje å legge like stor overbevisning i den helsinga.

Eg husker at eg i yngre dagar prøvde meg med litt meir hippe helsinger som f. eks: Cool Jul og Hot Nyttår, utan at jula blei særlig betre av det. No merker eg av og til at eg seier "Ha ein god juleferie!" for liksom å putte inn litt meining i retninga av - velfortjent pause. Det kjennest litt bedre.

Så får Josef, Maria og det kjære barnet deira ha meg unnskyldt. Når det er sagt så trur eg at den store søkninga til kirkekonsertar i adventstida uttrykker eit behov for spirituelt og kulturelt innhald.

No merker eg av og til at eg seier "Ha ein god juleferie!" for liksom å putte inn litt meining i retninga av - velfortjent pause. Det kjennest litt bedre.

Noko å halde fast ved i ein kvardag i stadig raskare endring.

Ein skal heller ikkje sjå bort i frå tryggheita som denne tradisjonen gir. Vi veit kva vi skal seie når vi møtest og skiljast i jula, og det er eit felles prosjekt som det gjeld dei fleste av oss. Gåver, mat, drikkevarer er kjærkomne samtaleemner, klisjear som gjer oss litt tryggare og litt meir sosiale.

Så for all del, forsett å ynskje kvarandre både god jul og godt nytt år, det kan i alle fall ikkje skade.

I beste fall kan det gå troll i ord.

Flere tanker fra Svein Olav:

Svein Olav Blindheim

Musiker, forfatter og spaltist

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags