Såpass ille var det at eg ein gong marsja ned i kjelleren og fann fram knipetenger og skiftenøklar, tok av frontplata på pianoet og gjekk løs. Det vart nok ingen umiddelbar suksess. Men vi hadde hatt besøk av ein pianostemmar, så eg hadde sett korleis han gjorde det.
Det var nok medverkande til at eg kjøpte stemmeutstyr i studietida, og så smått begynte å øve meg. I ettertid må eg vel innrømme at praksisperioden kanskje vart i kortaste laget. Men stemmarar var mangelvare på nordvestlandet, og når folk spurte om stemming og gladeleg betalte, så hadde eg ikkje hjarte til å seie nei, kan du skjøne. Og heller ikkje råd. Og handverket fekk eg betre tak på etterkvart, det skal seiast. Men jobben har også andre sider.
Som pianostemmar må du rundt til folk, inn i heimane – og til dels inn i privatliva til folk. Nokså tett på kan det bli. Mange skjebner og mykje einsemd, men gjerne også glede over å få nokon å prate med, nokon å få vise familiebilda til, særleg dei av barnebarna.
Ofte står kaffien og kakene klar når pianostemmaren kjem, og den hyggeleg stemninga kan synest viktigare enn stemminga. Alle har ei historie, og det er mangt som skjuler seg under overflata. Også reint konkret kan pianolokket skjule forskjellig. Gåver, pengar, hemmelige brev, spritflasker og anna. For ikkje å nemne alt støv og rusk og rask som samlar seg.
Er det lenge nok sidan sist, så kan instrumentet ha spor etter ein heil barneflokk og bere preg av å ha vore brukt – om ikkje anna som gøymestad og putteboks.
Men pianoet kan og gjere nytte som bolig. På eit senter for PU som eg jobba på, hadde vi ei mus som hadde laga seg eit lunt bol av demparfilt – inne i pianoet. Pianomusa var nok ei ryddig frøken, for ho hadde sovealkove i diskanten og dassen i bassen. Det gjekk bra heilt til ho fann det for godt å sprade ein tur i midt i ein musikktime. Den kvinnelige musikklæraren var ikkje spesielt “musisk” for å seie det slik, så musa måtte prompte sjå seg om etter anna husvære.
Til slutt ei lita historie frå ein “kollega”. Ein oslomann hadde bestilt pianostemmar til sitt “møblerte hjem” utan å ta jobben med å forklare si demente kone kva som skulle skje. Stemminga varte og rakk, og fruen skula meir og meir skeptisk bort på fagmannen ved flygelet. Til slutt greidde ho ikkje å dy seg lenger og utbraut: “Jeg skal si dem en ting jeg, unge mann! De spiller ikke godt!”