I 2001 hadde eg ei ytring i Hallingdølen: Ringeriksbanen - ein politisk bløff?

I 2012: Ringeriksbanen – ein parodi i norsk jernbane- og samfunnsplanlegging.

Er me grenselaust naive, eller er me så seige som det må til, for å få gjennomført eit av dei største og viktigaste samferdselsprosjekt i Norge? Eg vel å tru det siste, sjølv om tvilen kan koma snikande.

LES OGSÅ: Slik vil Nye Veier spare enda mer på Ringeriksbanen: – Det er riktig å vise fram denne muligheten

Trudde på lovnader

For eit snaut år sidan trudde mange med meg at endeleg blir tidlegare lovnader innfridd.

Så og seia eit samla storting var tydeleg på at no skal Ringeriksbanen byggjast med oppstart i 2022. Det var ikkje måte på kva som vart lovd. Også frå regjeringspartia, Ap og Senterpartiet.

På vent

Men etter regjeringsskifte 2021 har igjen tvilen kome sigande, og den blir stadig sterkare. Dei nasjonale satsingane innan samferdsel har dei siste månadene vorte svært uoversiktlege.

Les også

Har Tronrud Eiendom en plan B?

Det er no nesten umogeleg å vite kva som skjer med større samferdselsprosjekt.

Det kan verke som alt er satt på vent, uansett kor klare prosjekta er for igangsetting eller kva prioritet prosjekta har hatt.

Kva er motiva?

Nokre av årsakene er legitime, men det må også stillast spørsmål ved motiv. Eg ser to klare motiv:

  1. Ein for ambisiøs Nasjonal transportplan 2022–2033, m.a. ut frå endra føresetnader med m.a. krigen i Ukraina.
  2. Ynskje om endra prioriteringar av større samferdselsprosjekt hjå samferdselsministeren og Samferdselsdepartementet (SD).

Ordførar i Fredrikstad

Mi største bekymring er ein samferdselsminister som ikkje på noko tidspunkt har prata opp Ringeriksbanen.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård kom rett frå ordførarrolla i Fredrikstad kommune. I utgangspunktet ikkje noko gale i det, sjølv om alle ordførarar har eit samferdselsprosjekt som skal gjennomførast.

Les også

Vi klarer oss fint uten bane, febril vekst og høyhus | Eva Bekkelund-Eriksen

Men - eg trur ikkje på radikal endring i synspunkt om du går frå ordførar i Fredrikstad kommune til samferdselsminister.

Innlegg i Fredrikstad Blad

I Fredrikstad Blad 19.3.2021 skreiv dåverande Fredrikstad-ordførar, Jon-Ivar Nygård, under tittelen «Det største togrøveriet i norsk historie» m.a.:

«Knut Arild Hareide hadde nemlig ikke til hensikt å realisere den lenge lovede jernbanen til byene i Intercity-triangelet. Nei, det ble dessverre fortsatt for dyrt, men «nykommeren» i Intercity sammenheng Ringeriksbanen derimot, ja den kunne han med ett garantere at skulle bli bygd.» Intercity eller ikkje, kven som er nykommar er det vel ingen grunn til å diskutere. Fylgjer opp motstanden

Eg trur og at noverande ordførar i Fredrikstad, Siri Martinsen, si uttale til Fredrikstad Blad 25. juni i år under tittelen «Stoler på Nygård» følgjer opp tidlegare ordførar: «Hvor kan det kuttes mener du? – Jeg mener Stad skipstunnel ligger bak oss i køen. Og Ringeriksbanen som er blitt koblet på Inter City. Den kan droppes.»

Feilinformasjon

At det i tillegg blir drive bevisst eller umedviten feilinformasjon om fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 frå SD, gjer ikkje mi bekymring mindre.

Nye Veier som har ansvaret for Ringeriksporteføljen (Ringeriksbanen/E16) publiserte 16.8.2022 viktig faktagrunnlag om prosjektet, informasjon som har vore kjent for SD i lang tid. Overskrifta "Ringeriksporteføljen er gryteklar", er ei klar melding.

Feil av statssekretæren

Det er ikkje slik som statssekretær Johan Vasara hevda til Hallingdølen 18.6.2022: «Han meiner det framleis er behov for å vurdere om det er mogeleg å redusere kostnadene og auke den samfunnsøkonomiske lønsemda i prosjektet ytterlegare.

Prosjektet er berekna til å vere klart ulønsamt, og har negative verknader på bl.a. naturmangfald og matjord, poengterer han.» Svært god netto nytte

På dette tidspunktet burde SD visst at påstanden «vere klart ulønsamt» er ei misvisande framstilling. Faktum er at Ringeriksporteføljen, både veg og bane har ei netto nytte som er svært god samanlikna med dei aller fleste store samferdselsprosjekter i Norge.

Som SD er godt kjent med har Nye Veier AS arbeidd svært godt med å optimalisere prosjektet og redusert med nesten seks milliarder kroner, ved å forenkle og nedskalere (budsjett 36,4 mrd. 2020-kroner).

Underleg påstand

Statssekretærens påstand; «Negative verknader på bla. naturmangfald og matjord», framstår også underleg. Ved bygging av veg og jernbane skal det godt gjerast å ikkje bruke matjord. Men i dette prosjektet er det laga fleire ordningar for å bøte på dette.

Det er laga ei kompensasjonsordning for jordbruk/dyrka mark. Dette er eit nydyrkingsfond som blir forvalta av Ringerike kommune. Førebelse attendemeldingar er at dette er godt motteke.

Hittil har det kome inn søknader for nydyrking av 1200 mål. Prosjektet legg permanent beslag på ca. 600 mål dyrka mark. Dette er også moment som det verkar som om ikkje politisk leiing i SD har fått med seg.

Ingen tillit til Nygård

Me er inne i ein skjebnetime der me kan oppleva eit gedigent løftebrot og magaplask. Eg har dessverre ikkje tillit til samferdselsminister Nygård.

Både ut frå det som er sagt og ikkje sagt og eit totalt fråvær av engasjement, kan det verke som om ryggsekken er for stor.

Klokkeklare lovnader

Eg håpar verkeleg at vårt folkestyre no følgjer opp eintydige klokkeklare lovnader i forhold til Ringeriksbanen. Dei har aldri vore klarare. Om det blir med regjeringa i førarsete, eller opposisjonen som tek tak er ikkje viktig for folk flest.

Men eg håpar og trur det er nok kraft i Stortinget til at ein 30 år gamal lovnad som vart konfirmert i samband med både stortingsvalet i 2021 og gjeldande Nasjonal transportplan, no blir realisert, utan fleire sidespor.

Politisk bløff

Nye Veier meiner prosjektet er «svært modent – nærmest gryteklart». Dei fyrste hovudkontraktene kan starte i 2024 med finansiering frå Stortinget.

At Ringeriksbanen som er vurdert etter alle kunstens reglar eventuelt skal bli del av ein ny Nasjonal transportplan, inneber full stopp av alt arbeid i alle fall til 2025. Det vil vere ein parodi og ein politisk bløff.