Gå til sidens hovedinnhold

Overlevende etter 22. juli: – No er det nok

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Som ein av dei som var på Utøya 22. juli 2011, ynskjer eg å takke våre redningsmenn og kvinner, og lokalsamfunnet i Hole som tok vare på oss på den vanskelegaste dagen i våre liv. Dykk berga mitt, og mange av våre sine liv, og den hjartevarmen og solidariteten som eg opplevde frå fleire av innbyggjarane i kommuna, og gjestane ved Utvika camping vil eg for alltid vere takknemleg for.

Difor smertar det meg enno meir å sjå den debatten som har pågått i Ringerikes Blad over fleire år. Dei er ikkje mange, men dei ropar høgt. For fleire av oss som var der, har diskusjonane kring minnesmerket glidd ut til å bli uverdig, og regelrett ufint.

Tre damer gjør en forskjell i Hole | Eva Bekkelund-Eriksen

– Brikke i spel

Det gjorde meg difor rimeleg sjokkert, når Eva Bekkelund-Eriksen i sitt innlegg denne veka, tok på seg rolla for å vere dei berørte etter 22. juli sitt ombod, og trakk fram varaordføraren i Hole, Anita Haugland Gomnes, som gjorde delvis det same i det siste kommunestyremøtet i Hole kommune før ferien. Det kan vere freistande å spørre kva mandat dei har fått til å opptre på denne måten - og kvifor, men det verkar som det er for å skjule egne agendaer.

Eg skal ha meg fråbedt å bli brukt som ei brikke i eit lokalt maktpolitisk spel.

Anita hadde rett – hjelp overlevende fremfor minnesmerke! | Eva Bekkelund-Eriksen

Kompromiss

La det vere klinkande klart. Vi som er råka etter terroråtaket 22. juli treng ro, og å få på plass eit verdig nasjonalt minnesmerke.

I møtet med ueinigheit, har ein vore med på å justere dette fleire gonger, i respekt for dei naboane og innbyggjarane som har vore misfornøgde. Når ein no igjen vel å igjen sete seg på bakbeina, vitnar det om mangelfull vilje til å finne gode kompromiss.

At det kan vere krevjande for einskilde som opplevde mykje vanskeleg saman med oss denne dagen er forståeleg, men Utøya vil alltid vere der. Belastinga vil alltid vere der. Uavhengig av minnested eller ei.

Utøyakaia blir eit fint nasjonalt minnesmerke, inne i ei vik, som ein ikkje ein gong vil sjå medan ein køyrer forbi.

Til neste år er det 10 år sidan terroråtaket 22. juli 2011.

Skal vi tvingast inn i ein ny, opprivande og traumatiserande rettssak - eller skal vi få høvet til å få legge dette bak oss no?

Anders Behring Breivik tilbake på Utstranda | Anette Morén og Rasmus Lindberg

Norge trenger et minnested i Hole | Hole Høyre

Nok er nok – vi trenger en løsning | Svein Solheim

Nok er nok om minnesmerket | Beboere og hytteeiere

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:00.