Margit vart fødd i Ål i Hallingdal og voks opp på garden Uppsata. Etter gymnaset på Voss tok ho lærarskulen i Oslo. Ved Universitetet i Oslo tok ho faga etnologi og nordisk, det siste som hovudfag. Emnet for hovudfagsoppgåva var stadnamn frå Hole på Ringerike, der ho hadde busett seg med ektemannen Bjørn Geirr Harsson.

Stadnamngransking skulle då òg verta yrkesvegen til Margit. I 1983 vart ho tilsett som amanuensisvikar ved Institutt for namnegransking, i 1989 fast tilsett som amanuensis og frå 2006 som fyrsteamanuensis.

Margit deltok på alle plan i arbeidet som tilsett ved instituttet: arkivarbeid, innsamling, undervisning og forsking. Ho var ein framifrå pedagog og formidlar, ein omsorgsfull rettleiar og eksaminator. I tillegg til eit stort tal artiklar har ho gjeve ut eit leksikon over norske rud-namn (950 sider). For dette vart ho tildelt ein forskingspris frå Kungl. Gustav Adolfs Akademien. Og ho står bak seks band i serien Bustadnavn i Østfold. Veneskriftet til 70-årsdagen hennar har med ein bibliografi på 109 titlar frå hennar hand.

Ved sida av det eigenlege yrkeslivet, engasjerte Margit seg i lokalmiljøet og arbeidde med å lyfta kulturhistoria i Hole kommune på fleire felt. Hole Historielag, bygdeboka, bygdearkivet og ikkje minst Nasjonalt senter i Hole for opplysningar om Jørgen Moe var initiativ Margit var med å dra i gang. Ho fekk då også fullt fortent Hole kommunes kulturpris i 2002.

Margit har sett varige faglege spor etter seg i alle dei samanhengane ho har vore aktiv i. Men også dei humanistiske verdiane ho levde etter har gjort varig inntrykk på alle som har samarbeidd med henne.

Vi sørgjer over å ha mista ein kjær ven og kollega.

Kristin Bakken

Botolv Helleland

Tom Schmidt

Les også

Til minne om Margit Harsson: – Et overskuddsmenneske, og et arbeidsjern av de sjeldne