Tankar om minnesmerket | Sverre Thune

Av
DEL

MeningerPlanane om eit minnesmerke inne på land etter Utøyatragedien har ført til mykje strid og tek vel etterkvart til å verta dyre. Mislukka grunnerverv på ein odde i Tyrifjorden.

Svensk kunst er innkjøpt og vraka. Søksmål med advokat- og rettsutgifter. Utarbeiding av nye planer for eit minnesmerke ved kaia. Utgifter til regulering for dei nye planane, og parkeringsplassen i nærleiken. Uenigheit om plassering høgare opp, som nokre kallar utsikten og andre kallar ein rasteplass.

Og enno er ein ikkje i mål. Ein kan ottast at det vert nye runder i retten om dei siste planane. Framleis er det uvisst kvar, og når, ein får sett spaden i jorda. Kanskje ein kunne vera nøgde med det minnesmerket som er sett opp på Utøya og det i Oslo for å minnast alle dei som så brutalt vart drepne?

Då ville ein etter kvart kunne gløyme all usemje og strid om minnesmerket..

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags