Om minnesmerket og verknadane | Halldis Aalvik Thune

Av
DEL

MeningerMinnesmerket for dei ungdomane som mista liva sine på og ved Utøya, kvar skal det setjast opp?
Og korleis kan me takke nokon som, med sitt eige liv som innsats, redda fleire av våre ungdomar ved Utøya?

Er det ved å setja opp eit minnesmerke over dei som mista sine liv så nær dei som redda fleire av desse ungdomane, slik at dei får alt det vonde innpå seg kvar einaste dag, slik at ein sannar desse ordtaka, som det ligg så mykje livsvisdom i:

«Med vondt skal vondt fordrives!», «Utakk er verdens lønn!», «Evig eies kun det tapte!". Eller skal ein sanne desse ordtaka, ved å setje opp minnesmerket lenger undan, slik at det ikkje er så nær innpå dei kvar einaste dag:

«Det finaste ljoset som finst, er det som tennest i augo til nokon du gjer glad!» 

«Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv!»
 
Og slik kan me og minnast alle dei ungdomane som mista liva sine på Utøya, for dei fekk ikkje oppleve dette ordtaket: «Dagen i dag er morgendagen du drøymde om i går.»
 
Men det er aldri forseint å snu, men snu i tide, og sett minnesmerket opp lenger undan alt det vonde som hende på og ved Utøya, slik at minnesmerket over dei ungdomane som mista sine liv, kan verta eit minnesmerke som sannar dette ordtaket: 

Å vera eit lukkeleg menneskje, er ikkje avhengig av din religion eller status i livet, din rase eller hudfarge, politiske mening eller kultur. Det avheng av korleis du behandlar andre menneskje.
 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags