Tilbud til ungdom som kjeder seg | Sverre Thune

FLERE POSTER: Lokalt orienteringskart.

FLERE POSTER: Lokalt orienteringskart.

Av
DEL

MeningerUngdomen må kjede seg når det einaste dei kan finne på er å rase rundt og rundt med bil på ein parkeringsplass på Hvervenmoen. Kostbart må det og vera, og forurensing fylgjer med. Kanskje ein tur på Hvalsmoen ville vera eit alternativ?

Der er det lagt ut 12 turorienteringspostar. Hvalsmoen har truleg vore, og er kanskje framleis, eit ukjent område for dei fleste, då det har vore militærleir der, og i det siste flyktningemottak.

Det er overraskande kor stor Hvalsmoen er. Til og med eit par små øyer er det der, dit ein kjem over på små gangbruer. Rett og slett eit spanande område er det.

På orienteringskartet ser ein eit gulfarga område, med mange tverrstrekar. Kva kan det vera, undrast eg. Då me med tur-o-kartet i handa kom forbi der, så oppdaga me at det er ein flott hinderbane.

Eg minnest at våre barn sykla dit og brukte hinderløypa til å trene i. Ikkje visste eg då at det var ei så flott hinderløype. Kanskje den kan vera eit godt alternativ for ungdomen, som treng å få brent litt krutt? Ta sykkelen ein tur dit og teste seg i den flotte hinderløypa?

Eg foreslo i si tid at Ringerike kommune burde overta Hvalsmoen og laga idrettspark der. Der er det idrottsplassar, hinderløype, fint tur-, jogge- og løpeterreng.

Til og med vannsport ville det vera råd å drive med der. Og det kunne lagast tennisbanar minigolfbane og leggjast til rette for andre fysiske akivitetar der. Der er det lett å parkere og kort avstand er ein jernbanestasjon. Aktivitetane der ville ikkje sjenere nokon.

Liv Fossekallen og Ringerike o-lag har lagt ut tilsaman 140 tur-o-postar på ni kart i Ringerike og Hole. Det vekslar frå lette løyper etter stier på Eggemoen, til meir vanskeleg terreng på Borgenmoen i Vik.

Ut på sumaren kan ein få seg tur både til Ringkollollen på Krokskogen og til Aklangen på Holleia, til Asbjørnsens og Mos eventyrrike. I desse Koronatider er det mange som har funne ut at det kan vera fint å ta seg ein tur. Turorientering kan då vera eit godt alternativ. Då får ein både fysisk trening, og trening for dei små grå. Det vil vera godt både for kropp og sjel.

I staden for å trå på gasspedalen, slite sundt bildekk, søle bort pengar og forurense, kan ungdomane ta på seg høvelege sko og ta seg ein tur ut i den vakre Ringeriksnaturen. Eller kanskje ta sykkelen ein tur til Hvalsmoen, og prøve kreftene i den flotte hinderløypa som ligg der?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags