Sverre Thune: Tap av norsk statsborgerskap

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserinnleggHøgre og Frp vil ta frå framandkrigarar, som dei mistenker for å vera terroristar, norsk statsorgarskap administrativt. Dei andre partia vil at det ikkje kan skje før domstolane har behandla saka.

Den som hadde vorte fråteke norsk statsborgarskap administrativt, kunne ha reist søksmål med krav om å få behalde statsborgarskapen, dersom dei meinte at avgjerda var feil. Dei kunne og be retten om midlertidig forføyning etter tvistemållova kapitel 34 for å få behalde statsborgrskapet til det ligg føre ein rettskraftig dom i saka.

Sverre Thune

Pensjonert høgstrettsadvokat

I båe tilfelle kan saka soleis havne i retten. Føremonen med administrativ behandling er at ein kan unngå domstolbehandling der det openbert er grunnlag for å ta frå nokon statsborgrskapen. Dei som mister statsborgarskapen erkjenner at dei ikkje har grunnlag for søksmål. Elles må staten reise søksmål i alle saker der dei vil fråta nokon statsborgarskap.

Det er vel grunn til å tru at ingen ville verta fråteke norsk statsborgarskap administrativt utan at det vert føreteke ei grundig saksbehandling der parten får høve til å gjera greie for si sak.

Det synest som H/FRP sin måte å løyse slike saker på vil vera den rimelegaste og mest rasjonelle fordi ein unngår å belaste domstolane med grunnlause saker. Og ein får ei snøgg avgjerd i staden for å føre rettssaker om tap av stats-borgarskap der saksøkte ikkje har noko å fara med.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags