Gå til sidens hovedinnhold

Svein Olav Blindheim: Trumfaren Trump

Artikkelen er over 4 år gammel

Spaltist Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Trumfaren Trump,

grabbande Grobian

trompete, tafsande tølpar!

Gjer narr av dei svake og hersar og lyg

han skjer grimasar og rølpar.

Han fryktar muslimar frå aust som vil vest

og er redd at alt skal gå skeisen

derfor har grabberen trumfkortet klart,

derfor den skuddsikre sveisen.

Trumfaren Trump,

grabbande Grobian

trompete, tafsande tulling!

Ynskjer seg murar, han klagar og synast

at taparar skulle hatt juling.

For ikkje å snakke om vitskapsfolk

som manglar respekten for makta

og media som ikkje har lært seg å spa opp

gode, alternative fakta.

Trumfaren Trump,

grabbande Grobian

trompete, tafsande tufsen.

Kva er det som skjer med folk “over there”?

Vi kjenner den iskalde gufsen.

Når hatet får makt og hånen får namn

då er vi alle i heisen

og før vi veit ordet, så får vi vel ratt

ein gal mann sin krig rett i fleisen.

Svein Olav Blindheim

Musiker, forfatter og spaltist

 

Flere tanker fra Svein Olav:

Kommentarer til denne saken