Svein Olav Blindheim: Møkkamann!

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

SpaltistDet hender at eg tar på meg dansejobber, i bryllup og slikt. Triveleg når det ikkje blir for ofte, noko som ikkje har vore så stort problem etter at Spotify og spelelister kom på markedet.

Men for nokre år sidan hadde eg gleden av å spele i bryllupet til eit nasjonalt kjend idretspar. Heile norgeseliten i den sporten var samla, og under middagen blei ein lokal idretshelt utfordra i øvelsen drikking av aquavita frå kjøkkenglas.

Idrettsfolk er velsigna med konkurranseinstinkt, i alle fall på dette nivået, og han gjekk heilhjerta inn. Det sto om ære, og til patriotar kan eg røpe at vår lokale helt vann - med god margin. Det kunne eg sjå med sjølvsyn under dansen etterpå. Vel, dans er vel å ta litt hardt i. Det var meir av typen sjøbein i tung sjø.

Dette var før eg visste kven han var og innrømmer at eg lurte litt då eg plutselig oppdaga at han sto og svaia med hendene i bukslommene rett bak meg. Eg ynskte sjølvsagt å gjere ein best mulig jobb, og lot meg ikkje merke med det at det drog opp til uver bakfrå. Midt under ein låt knekker han i hofta og snøvler inn i øyret mitt ; "Møkkamann!".

Jaha! Kva er dette? Ein som er ute etter trøbbel? Eg får fortsette profesjonelt videre som om ingenting har hendt. Men så var han der igjen, no litt sterkare; "Møkkamann!!"

Kva i hel—! Står han der og kallar meg møkkamann? Det begynner å koke. Med hardt tilkjempa ro fokuserer eg på låten eg er i gang med, muligens var det "Are you looking for trouble". Og så var han der for tredje gong: "MØKKAMANN!!!"

Det er ikkje ofte underteikna sprekk så det høyrest, men då skjedde det. Eg slo i tangentane, stoppa musikken og spratt opp og meiner bestemt at eg dytta til han, samtidig som eg sa eit par mindre pene ting. Dama hass gjekk i mellom og fekk berga han unna før det fekk skjedd større skade.

Det var på høg tid for meg å ta pause. Eg gjekk ut for å kjøle meg ned, og i det eg kom inn igjen og skulle til med ei ny økt, så kom vedkomande tuslande, no var han litt klarare, også i uttalen. Han beklaga det han hadde gjort, og så sa han: "Jeg lurte bare på om du kunne spille den sangen som heter Møkkamann".

Aaaa — så pinelig! Eg hadde då faktisk høyrt låten som Plumbo akkurat hadde kome ut med, og så blei det min tur til å beklage. Vi fekk oss ein god latter og kunne sette ei strek over det heile.

Flere tanker fra Svein Olav:

Svein Olav Blindheim

Musiker, forfatter og spaltist

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags