Polfareren....

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

SpaltistI mitt første studieår på starten av sytti-talet i Volda var ei polferd ein heil ekspedisjon. Erling Kagge får ha meg unnskyldt, men her snakkar vi om mønstring av ikkje lite mannemot for å gjennomføre den farefulle og strevsame reisa til Bergen. Polet i Ålesund åpna først sommaren etter.

Eg, som hadde ein kjær bror boande i Hansabyen, fekk/tok det ærefulle oppdraget. Det at han var over 21 år, og villig til å handle for meg, la ikkje akkurat ein dempar på utferdstrangen. Fram i mot jul blei det polferd, og ryktet hadde gått på Handelsskulen i Volda så lista med bestillingar blei lang. Det låg an til ei overhendig førjulsfeiring i kulturstaden.

Besøket gjekk bra på alle måtar. Broren min nådde polpunktet for meg og no var det berre å returnere for å ta i mot heder og ære. Eg kan love at det var mange som gledde seg til å sjå meg att.

Det eg ikkje hadde tenkt på var korleis eg skulle få frakta all spriten. Men broderen visste råd og ofra ei stor skulderveske i blått skai-skinn som eg fyllte til randen. Fullt var også flyet der eg med bagen som handbagasje sleit meg ombord. Overvekt var det visst ingenting som heitte.

Alt gjekk fint heilt til eg kom til Vigra, mi kjære fødeøy. Her blei det eit par timar å slå i hel i påvente av videre transport, og då var det ekstra hyggeleg å treffe på ein kompis som skulle same vegen. Endå hyggelegare syns han det vart då eg fortalde kva eg hadde i bagen. Då var det berre å leite fram godsakene for ein liten prøvesmak.

Tida gjekk og stemninga steig, og snart var vi godt i gang med ein aldri så liten vennefest. Eller — ventefest, sidan det også var første søndag i advent. Det skulle berre mangle om ein ikkje skulle unne seg litt då ei vellykka polferd trass alt ikkje var daglegdags.

Bussen kom og i stigande form benka vi oss bakerst. Framfor oss låg det ein tur på fem mil med innlagt fjordkryssing. Alt låg til rette for ei svært så triveleg reise, her var det berre å la det stå til. Med latter og kauking gjekk Vartdalsstranda som ein røyk, og det kunne sjølvsagt ikkje gå bra. Vel tilbake i Volda ramla vi ut av bussen. Eg traff gata ståande, men djup i nedslaget, og DÅ slitna skulderstroppa.

Lyden var verst; Det var lyden av 9 fulle, og ei tom spritflaske som knuste. Akk ja, kvar gledesstund i livet betalast skal med sorg. Der rauk studiestipendet for det halvåret, og først utpå tirsdagen var eg i stand til å møte opp på skulen og sjå dei forventningsfulle i augene. Av alle tunge skuledagar på Volda Handelskule blei dette den tyngste. Farene ved polekspedisjonar var grundig dokumentert, og dette blei min siste. Heretter måtte vi greie oss med heimebrygga øl, frå - kagge.

Flere tanker fra Svein Olav:

Svein Olav Blindheim

Musiker, forfatter og spaltist

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags