Svein Olav Blindheim: Her var alt etter Monsen-standard

Orrhanejakt: ... vart redusert til ei jakt på mobilsignal.

Orrhanejakt: ... vart redusert til ei jakt på mobilsignal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

SpaltistNettopp tilbake frå ein åleinetur i skog og mark prøver eg å oppsummere litt, og tenke etter korleis det var å vere på orrhaneleik for første gong. Ein gammal draum har blitt oppfyllt, naturbarnet i meg har fått tilfredsstilt ein av sine inste lengslar. Eller?

Det starta med at eg ringde ein kamerat som er ein naturens mann, og i tillegg har hatt hytte i det aktuelle området. Han var positiv som alltid, og foreslo eit par alternative spelplassar der han nesten kunne garantere fjørføyke.

Svein Olav Blindheim

Musiker, forfatter og spaltist

Nær den første myra var det parkert for mange bilar, så det blei å gå for det lengste alternativet. Her skulle ingen få forstyrre den jomfruelige møtet mellom den trolske norske vårnatta og den nye Fønhus. Den ærerike kampen om damene skulle skildrast uforstyrra av amatørornitologar, om det så fekk koste nokre ekstra kilometers gange med tung oppakning.

Eg fann til slutt myra mi og la meg til i enden med god utsikt til det som skulle skje. Lavvo, liggeunderlag og sovepose vart rigga, tørrkvist vart sanka til eit lite bål på ein bergknaus rett ved, der det “ åpenbart ikke kunne medføre brann”. Her var alt etter Monsen-standard og - brannforeskrifter.

Vårkvelden senka seg over myra, og månen hang der for liksom å gjere bildet perfekt.

Men så; Eg hadde vel berre så vidt rekkt å kjenne på den intense lykka før ein impuls slår inn. Mulig det var den same impulsen som dreiv Fønhus til å dele opplevingane sine, men han hadde ikkje mobiltelefon.

Handa går automatisk til lomma og fiskar opp ein iPhone, mens hjerna er i gang med å finne ut kva for vinkel og innstilling som vil gi det mest flatterande inntrykket. Straks bildet er knipsa er det å prøve å få sendt det. Ai-ai! Dårlig dekning. Så vart det å vabbe rundt i terrenget for å finne betre signal.

Det som skulle bli ei søkjing etter dei vare stemningane i naturen, vart redusert til ei jakt på mobilsignal. Om motivet var å dele gleder eller å vekke misunning, det skal eg ikkje ta stilling til her. Men ei litt skuffande erfaring er kor kort tid “ornitologen” greidde seg aleine med naturen og seg sjølv. Myten om den einsame ryttar den sprakk så det høyrdest i cyberspace.

Det gjenstår å fortelje at natta ikkje var gammal før regnet og kulden sette inn, og det var ikkje orrfugl som heldt meg våken for å seie det slik. Eg såg ikkje så mykje som stjerten av den, og må nok berre innsjå at amatørornitologen det var meg, og han var postert på feil plass viste det seg. Og for liksom å gni det inn; Dagen etter oppdaga eg at liggeunderlaget var til å blåse opp!

Flere tanker fra Svein Olav:

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags