Mobilmysteriet i Senterpartiet | Sverre Thune

Illustrasjonsfoto: Mari Persson

Illustrasjonsfoto: Mari Persson

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserinnleggSenterpartiet har fått eit uløyseleg problem. Kven sende den fatale meldinga til Liv Signe Navarset? Leiaren i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, oppmodar den skuldige til å melde seg frivillig, seinast på onsdag. Dersom han ikkje gjer det vil saka verta meldt til politiet.

Men om meldinga er eit resultat at at alle ti vart samde om å gjera Liv Signe eit pek, kva då? Ein kan ikkje godt berre henge ut den som tasta meldinga på mobilen. Og kva med han som gjekk på do og let mobilen sin ligge att? Det er vel ikkje berre å la mobilen ligge å slenge, slik at andre kan misbruke den? Dessutan må ein ha ein kode for å koma inn inn på mobilen, så heilt uskuldig kan han ikkje vera. Alf Prøysen (1914-1970) skreiv i visa «Den skyldige: Men største skylda det har nå snekkeren som laga stega tå røtne bord.» Omskrive til denne saka: «Men største skylda har nå han som let mobilen ligge å slenge».

Sverre Thune

Vedum vil melde saka til politiet. Men politiet klagar på for lite resurser, så Senterpartiet må først skjerpe seg og sørge for å koma inn i regjeringa og tilføre politiet meir pengar så dei kan ta seg av slike saker. I dag kjem den nok lågt på prioriteringslista.

Dersom det er om å gjera å straffe nokon kan ein kanskje fylgje Johan Herman Wessel (1742-1783) si løysing i diktet «Smeden og bageren». Det var smeden som var skuldig i ugjerninga, men dei hadde berre ein smed, medan det var to bakarar. Difor løyste dei saka med å straffe den eine bakaren, som ikkje var så sprek. Den senterpartipolitikaren som er til minst nytte, dersom det er råd å finne ut kven det er, må kunne ta straffen.

Men Wessel sitt dikt sluttar sørgeleg: «Den bager græd gudsjammerlig da man ham førte vekk». Noka god løysing synest difor ikkje dette å vera i dag.

Spørsmålet er om ein ikkje berre må konkludere med at alle kan gjera dumme ting, til og med senterpartipolitikarar, og ikkje minst i rusa tilstand. Så får ein ta lærdom av det å gå vidare med viktigare saker.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags