Elevar misnøgde med nynorsk | Sverre Thune

Av
DEL

MeningerDet er mange skuleelevar som er misnøgde med at dei må lære nynorsk. Dei har meir enn nok med å lære bokmål; nynorsk har dei ikkje bruk for, og vil heller ikkje få bruk for, meiner dei.

Den negative haldninga til nynorsk skuldast truleg at dei ikkje kjenner til alt det vakre som er skrive på nynorsk. Ikkje minst songar og dikt. Nynorskdiktaren Elias Blix (1832-1902) har skrive nasjonalsalmen vår «Gud signe vårt dyre fedreland.» og vårsalmen «No livnar det i lundar». Det finaste kjærleiksdiktet er skrive på nynorsk. Det er Aasmund Olavson Vinje (1818-1878) sitt dikt: «Den dag kjem aldri at eg deg gløymer.»

For borna har Per Sivle (1857-1904) skrive den vakre songen «Den fyrste song eg høyra fekk». Ivar Aasen har skrive mange vakre dikt. Frå seinare tid har me m.a. diktaren Olav H. Hauge. Garborg, Vesaas og mange andre har skrive fine bøker på nynorsk. I dag er Jon Fosse ein framståande forfattar som skriv på nynorsk. Lærer ein nynorsk vil ein kunne ha glede av den fine nynorske litteraturen.

I offentleg teneste er bokmål og nynorsk jamstelte. jf Lov om målbruk ioffentlig teneste frå 11.4. 1980. Dei som vil arbeide i det offentleg må kunne både bokmål og nynorsk,

For lettare å lære nynorsk burde halvparten av dei obligatoriske lærebøkene vore på nynorsk. Då ville elevane lære seg nynorsk ved å lesa nynorske lærebøker, ikkje berre ved å lesa teori om nynorsk mål og grammatikk.

Men nynorskeksamen kunne gjerast mindre krevjande. Eksamen i begge målføre kunne avgrensast til muntleg eksamen, medan elevane ved skriftleg eksamen kunne velja å skrive to stilar på bokmål eller to på nynorsk. Men då slik at den som skriv stil på begget målføre får dobbelt poeng for nynorskstilen. Det kan få så mange som råd er til å velja å skrive stil på nynorsk. Og vera ei hjelp for dei som treng ekstra poeng for å koma inn på studier med høge poengkrav.

Samstundes ville ei slik ordning vera ei hjelp for elevar som kvir seg for å skrive nynorsk sidan dei kan velja å halde seg til bokmål skriftleg.

Men det vel her som elles i livet: Der det er vilje er det veg!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags