Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Når dei første grøne spirene kjem fram, og sola skin frå ein skyfri himmel, er aviser, radio og fjernsyn snøgt ute med å fortelja at no er det tid for «Den første utepilsen!».
Og me får sjå bilete frå ein uterestaurant, der gjestene sit i sola med eit glas pils.
Drakk meir
Ei tysk undersøking for nokre år sidan, av elevar og studentra i alderen 10 til 19 år i Tyskland, Skottland, Island, Italia, Nederland og Polen, viste at tenåringar drakk meir alkohol etter å ha sett Hollywoodfilmar der skodespelarane drikk alkohol.
Forskar Reiner Hanewinkel ved «Institutt for Therapy and health recerarch» i Kiel var overaska over å finne så klare funn, og at det viste kor stor innverknad media har på eit ungt menneskes liv.
Hollywoodfilmane vert vist over heile verda, og påverkar ikkje berre amerikansk ungdom, men også andre, påpeika forskaren. Ein kan difor undrast på kor lurt det er å «reklamere» for den første utepilsen, slik media i røynda gjer!
Alkohol øydelegg einskildpersonar og familiar og er årsak til mykje kriminalitet.
Sverre Thune
Ungdomen vil kjenne seg vaksne og gå i dei eldre sine fotefar og ta seg eit glas pils på ein uterestaurant.
På bakgrunn av den undersøkinga som er gjort kan ein i alle fall frykte for at mange ungdomar vert freista til det når media fortel at det høyrer med.
Eit glas pils i solskinet treng sjølvsagt ikkje vera nokor tragedie.
Men det er på det reine at mange ungdomar brukar for mykje alkohol. Dei må ha med seg ein «six-pack» når dei skal vera i lag med andre, for å setja «ein spiss på stemningen».
Ofte kan slike samkomer ende på ein utriveleg, måte, med vald av ymse slag – ja, endå til med straffesaker.
Skildringar
For nokre år sidan vart ei kvinne, som var restaurantvakt, og fem-barns mor, slått ned av ein berusa bargjest, og skada så mykje at ho døydde. Etter kvar helg har avisene skildringar av fyll og bråk og av politiet sitt arbeid med å rydde opp.
Det er diskusjon om kva tid restaurantane bør stenge for å unngå fylleslagsmål i gatene før gjestene går heimatt.
Alkohol øydelegg einskildpersonar og familiar og er årsak til mykje kriminalitet.
Ved å framheve utepilsen som eit sikkert vårteikn fører media ungdomen inn på tanken at det høyrer med å drikke pils når dei sit på ein uterestaurant i vårsola.
Ein kopp kaffe eller te er ikkje like bra! Sidan undersøkingar viser at media klart påverkar ungdomens alkoholbruk bør dei unngå å skrive i så positive ordlag om å drikke pils.
Er dei varsame med det vil dei kunne hjelpe til med å begrense ungdomen sin alkoholbruk, som er urovekkjande høg.