Gå til sidens hovedinnhold

Noregs mållag: Bokmålsbløffen i Buskerud

Artikkelen er over 5 år gammel

Elevane mellom anna ved Ringerike videregåande skule kan få slippe sidemål. Det er leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø lite glad for.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Buskerud fylkeskommune arbeider no med ein søknad der elevane på to vidaregåande skular vil kunna velja vekk sidemålsundervisninga.

Fylkespolitikarane er uroa for skrivekunnskapen til elevane i Buskerud, og dei trur at elevane på magisk vis vil verta mykje betre i hovudmålet ved å sleppa sidemålsundervisninga.

Lite tyder på at det slår til, då liknande og større prosjekt berre synte ørsmå utslag. Hadde dei verkeleg vore opptekne av kva som kunne betra skrivekunnskapen, så kunne dei ha spurt lærarane ved desse forsøksskulane. Då ville dei truleg ha fått heilt andre svar.

Faglege vurderingar er likevel ikkje det dette handlar om. Det handlar om å gje sidemålsundervisninga skulda for alt som er gale i norskfaget. I eit fylke med lange nynorsktradisjonar og stor trong for nynorskkompetanse er det feil veg å gå.

BAKGRUNN: Gir ikke opp valgfritt sidemål

Undervisningspolitikk er språkpolitikk, noko nynorskmotstandarane alltid har visst. Det er heilt avgjerande for nynorskbrukarane at bokmålsbrukarane meistrar språket deira. Alt i dag er påstått vantande nynorskkompetanse eit trugsmål mot nynorskinstitusjonar, som t.d. kommuneadministrasjon og skuleverk.

Framlegget frå Buskerud vil føra til lægre sidemålskompetanse, og leggja stein til børa for nynorsken i Buskerud. Noregs mållag er ikkje skeptisk til forsøk. Minimumskravet til desse forsøka må like fullt vera at desse endringane er faglege og i tråd med norsk språkpolitikk.

Buskerud fylkeskommune har fått avslag på ein liknande søknad tre gonger tidlegare, og seinast i vår ville politikarane laga eit forsøk der ein fjerna all nynorsk frå pensum, inkludert Halldis Moren Vesaas.

Formuleringane om innhaldet i forsøket har naturleg nok seinare retta seg etter pålegga frå Utdanningsdirektoratet.

Lite tyder på at motiva for søknaden har endra seg tilsvarande.

LES OGSÅ: Elever kan slippe karakter i nynorsk

LES LEDER:

Røyndom, hva er det?  

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:00.