Sigbjørn Kirkebøen: God dyrevelferd for pelsdyr

– Dyrevelferd og gardsdyras tilhøve har fyrsteprioritet blant pelsdyrbøndene, skriver Sigbjørn Kirkebøen i dette leserinnlegget. Foto: Privat

– Dyrevelferd og gardsdyras tilhøve har fyrsteprioritet blant pelsdyrbøndene, skriver Sigbjørn Kirkebøen i dette leserinnlegget. Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel

– Me pelsdyrbønder vil oppfordre alle, i denne anledning spesielt ungdom som vil ta eit standpunkt til pelsdyrhald, om å besøke ein pelsdyrgard for å få fyrstehandskunnskap, skriver Sigbjørn Kirkebøen i dette leserinnlegget.

DEL

LeserinnleggPuls-sidene i Ringerikes Blad har fredag 18.11. oppslag og kommentar om motstand mot pelsdyroppdrett. Redaksjonen har faktisk vore deltakar fakkeltog mot pels i Oslo, og i ein Puls-kommentar blir pelsdyr menneskeleggjort, og pelsdyrhald beskreve som «tortur og slaveri»!

Ein kan ikkje koma lenger frå verkelgheita, enn slik pelsdyrhald blir framstilt her.   

Pelsdyroppdrett er ei god og naturleg husdyrnæring innan landbruket. Dyrevelferd og gardsdyras tilhøve har fyrsteprioritet blant pelsdyrbøndene. Pels er eit naturprodukt og miljøvennleg, etterligningar og «fake»-pels kjem ofte av oljeprodukt.

Pelsdyr i pelsdyrgardar kan ikkje samanliknast med sine ville artsfrendar i naturen.  Dyra er domestiserte og oppavla gjennom over 100 år.  Pelsdyra framstår i dag som rolege og tillitsfulle. Hvis ikkje pelsdyras får godt stell og visar trivsel, så vil dei ikkje kunne fungere som eit husdyr, og få god varm pels. Ville dyr er ulovleg å ha i oppdrett. Mattilsynet sine rapportar syner at det er få alvorlege tilfelle med pelsdyr som det er med husdyr, men ofte så blir dei alvorlege tilfella slege opp i media.

Veterinærar positive

Stortingsmeldinga som nyleg vart lagt fram, er tydeleg på at norsk pelsdyrhald bør ha ei berekraftig utvikling, med enda strengare krav til dyrevelferd.  Det ligg ein grundig fagleg vurdering bak dette, det viktigaste er kanskje at veterinærar som har kunnskap og erfaring frå tilsyn med pelsdyrgardar er positive til pelsdyroppdrett.

Statsråden påpeikte heilt korrekt når han la fram meldinga, at pels vil vera eit ettertrakta produkt i overskodeleg framtid, og at Norge må vera leiande med dyrevelferda for pelsdyroppdrett globalt. Alt husdyrhald i Norge har eit føretrinn med høg fokus på dyrevelferd, samanlikna med resten av verda.

Opne pelsdyrgardar

Pelsdyra framstår i dag som rolege og tillitsfulle. Hvis ikkje pelsdyras får godt stell og visar trivsel, så vil dei ikkje kunne fungere som eit husdyr, og få god varm pels.

Sigbjørn Kirkebøen

Pelsdyroppdrett er ein liten næring i Norge, og her i Buskerud er det berre i Hallingdal at det er pelsdyrgardar no. Difor er det også veldig få som har kunnskap om verkelegheita for gardsdyra.  Vi har i mange år hatt fleire opne dagar, med godt besøk, men mange fleire ville nok hatt god nytte av å sjå korleis våre gardsdyr har det. 

Det som kanskje gjer mest inntrykk under slike gardsbesøk er ofte ungdom sine reaksjonar, der dei fleste av dei har veldig lite kjennskap til husdyrhald generelt. Me opplever at ungdom som kjem og ser på realiteten for gardsdyra blir glade og overraska når dei ser at dyra har det godt, er rolege og nysgjerrige, og at dei ikkje lir. Mange blir nok forleda til ein feil verkelegheit gjennom ubalanserte oppslag og usannheiter i sosiale medier.

Ungdom flest er opptekne av at dyr skal ha det godt, difor er det viktig for oss pelsdyrbønder, at når dei  besøkjer ein pelsdyrgard, så er opplevelsen for dei fleste at dei får bekrefta at gardsdyra ikkje lir på nokon måte.

Besøk ein pelsdyrgard

Difor vil me pelsdyrbønder oppfordre alle, i denne anledning spesielt ungdom som vil ta eit standpunkt til pelsdyrhald, om å besøke ein pelsdyrgard for å få fyrstehandskunnskap,  sjå korleis realiteten er for gardsdyra, og gjerne spørja etter å få prate med ein veterinær som har god kunnskap om pelsdyrhald.  

Som med mangt i vårt samfunn så er det lurt å sjå ei sak frå fleire sider, og i alle fall frå verkelgheita.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags