Sigbjørn Kirkebøen: Verkelegheit eller propaganda ?

Gardsrevane er født og tilpassa til eit burtilhøve.

Gardsrevane er født og tilpassa til eit burtilhøve. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserinnleggDet er godt at Katrine Fossen i svarinnlegg til underteikna den 4/11, tek avstand frå generell hatstemning og trugande meldingar som Noah-sympatisørar står bak til pelsdyrbønder.

Det er likevel trist at Fossen som er ein ung politikar ikkje er meir oppteken av verkelegheita i pelsdyrgardane, og brei fakta frå fagleg hald.

I den mangeårige handsaminga av pelsdyrnæringa, som vart avslutta med Stortingsvedtaket i januar, var det faglege tilrådingar og høyringsinnspel både for og i mot fortsatt pelsdyrhald.

Det avgjerande for Stortingsfleirtalet som gjekk inn for berekraftig utvikling, var høyringsinnepel frå veterinærar og etologar, og verkelgheita for gardsdyra.

Sigbjørn Kirkebøen

Pelsdyrbonde, og leiar i Valdres/Hallingdal Pelsdyralslag

Hemsedal

76 veterinærar gjekk i sitt høyringsfråsegn klart god for framtidig pelsdyrnæring og dyrevelferda med dagens driftsform, men med forslag til ytterlegare forbetringar.

Etologi er læra om dyrs åtferd, og difor er etologar dei fagpersonane med størst kunnskap om åtferd og åtferdsbehov knytt til velferd for dyr. Foreningen Norske Etologer var med under Stortingshøyringa. Her gav dei støtte til regjeringas tilråding om berekraftig utvikling, og oppfordra til at nye regler for betra dyrevelferd kom av etologiske moment og forsking.

LES OGSÅ: Fakkeltog mot pels i Hønefoss: – Pels er heldigvis på vei ut

Fossen sin samanblanding av villdyr og gardsdyr er ei stor mistyding. Det er absolutt ikkje naturleg for ein gardsrev å jakte etter mat i naturen, når han er født i ein pelsdyrgard, og får servert det han har behov for av mat, og at dyra gjennom mange titalls av generasjonar er oppavla og domestiserte til eit liv i burtilhøve.

Fossen og hennar partikollegaer er veldig opptekne av miljøet og vil ha ein rask slutt på oljeutvinninga. Her møter MDG seg sjølve i døra, ved at dei vil ha slutt på naturvenleg pels, mens erstatninga ofte kjem frå oljeprodukt som kan vera miljøfientleg.

Pels er eit klart grønt produkt, også fordi fôret som gardsdyra êt, er biprodukt frå slakte og fiskeindustrien.

Som med miljøpolitikk er det med pels viktig å tenkje globalt. Det vil aldri bli slutt på pelsbruk i overskodeleg framtid. I Noreg har gardsdyra av dei beste levetilhøva og velferda i verda. Den norske pelsdyrnæringa burde stimulerast til vekst, då ville ein større andel av pelsdyra oppleve tryggare levetilhøve, noko som også ville seta større fokus på pelsdyras velferd globalt sett.

LES TIDLIGERE INNLEGG:

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags