Sverre Thune: Minnesmerke på Sørbråten?

Artikkelen er over 3 år gammel

Staten tilbyr å gje opp det planlagte minnesmerke på Sørbråten og vil setja opp eit anna minnesmerke der i staden.

DEL

LeserbrevStaten vil ikkje setja opp minnesmerket ein annan stad. Ein kunne undrast på kvifor staten vil bruke Sørbråten som minnestad for eit anna minnesmerke, sidan Sørbråten ikkje har nokon tilknytning til Utøya, og ein annan stad ville vera like bra eller betre. Forklaring på det fekk me då det vart opplyst at staten har inngått ei uoppseieleg avtale med grunneigaren av Sørbråten om 50 års leige. Det er forståeleg at staten då ville halde på Sørbråten.

For fleire år sidan inngjekk OBOS avtale med grunneigarar i Åsa med tanke på å bygge leiligheiter i Hurumåsen. Diverre for OBOS vart søknaden om byggetillatelse avslått av kommunen. Dermed sto OBOS att med ei avtale som var uoppseieleg og ikkje var til nytte for OBOS. Kva kunne OBOS gjera med det? Dei inviterte grunneigarane til eit møte der det vart forhandla om avvikling av avtala. Grunneigarane hadde forståelse for at når grunnen ikkje kunne nyttast til oppføring av leiligheiter var det lite rimeleg at dei skulle halde på avtalen. Det vart inngått ei avviklingsavtale som begge partar var nøgde med.

I Sørbråten saka bør Staten difor invitera grunneigaren til eit forhandlingsmøte for å få til ei rimeleg avvikling av avtalen. Det må vera von om at grunneigaren vil ha forståelse for at han ikkje bør halde på avtalen når det ikkje vert laga minnesmerke på Sørbråten. Grunneigarane i Åsa viste skjønsemd og det kan og tenkjast at grunneigaren i Hole vil gjera det same.

I 1983 fekk avtalelova frå 1918 ein ny bestemmelse i § 36. Der står det:

«En avtale kan helt eller delvis settes til side eller endres for så vidt det ville virke urimelig eller være i strid med god forretnigsskikk å gjøre den gjeldende. Det samme gjelder ensidig bindende disposisjoner. Ved avgjørelsen tas hensyn ikke bare til avtalens innhold, partenes stilling og forholdene ved avtalens inngåelse men også senere inntrådte forhold og omstendighetene for øvrig.—» .

Denne lovbestemmelsen, som vart innført etter at OBOS-avtalen, har endra den rettslege situasjon i positiv lei for staten. Den har vorte vore påberopt i mange saker og har ført til endring av avtalene. Paragraf 36 må kunne påberopast av staten, dersom partane ikkje vert samde om ei minneleg løysing.

Staten sin advokat har uttala at han forstår at det vil verta ein belastning for naboane å få minnesmerket så nær, men at det ikkje er meir enn dei må tåle fordi det bør setjast opp eit minnesmerke. Naboane er ikkje uenige i at i at det bør setjast opp eit minnesmerke. Usemja går på plasseringa. Når Staten er villig til å gje opp det planlagte minnesmerket på Sørbråten så bør det finnast ein annan stad for minnesmerket.

Staten sin advokat har bedt Ringerike tingrett avsetja tre veker til rettssaka. Sidan staten ynskjer å unngå ei opprivande rettssak så bør staten no forhandle med grunneigaren for å få avvikla avtalen på ein rimeleg måte for begge partar og finne ein annan stad å setja opp minnesmerket. Det vil kunne spare partane for ei langvarig, opprivande og dyr rettssak.

LES OGSÅ:

Sverre Thune

Hønefoss

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags