Gå til sidens hovedinnhold

Sverre Thune: Det er tragisk for mor at ho er tiltala for grov omsorgssvikt

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein kan undrast på om ikkje påtalemakta i staden burde ha gjeve mora påtaleunnlating, skriver Sverre Thune.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ei mor står tiltala i Valdres tingrett for å ha forsømt si omsorgsplikt for dottera med det resultat at dottera døydde.

Det var ei stor tragedie. Det er og tragisk for mor at ho er tiltala for grov omsorgssvikt. Ein kan undrast på om ikkje påtalemakta i staden burde ha gjeve mora påtaleunnlating.

I straffeprosesslova § 69 heiter det: «Selv om straffeskyld er bevist kan påtalemakta når helt særlige grunner tilsier det unnlate å påtale handlinga.»

Påtalemakta ville med det ha slått fast at dei meiner at mora har gjort seg skuldig i ei straffbar handling, men at samfunnsomsyn ikkje talar for å reise straffesak mot henne. Mora ville då sleppe å gjennomgå ei straffesak i tingretten med den belastning det er for henne.

Sverre Thune

Pensjonert høgstrettsadvokat

Dersom mora meiner at ho er uskuldig, kunne ho etter straffeprosesslova § 71 kreve at påtalemakta reiser sak mot henne for retten dersom dei ikkje vil fråfalle siktinga. Det hadde då vore opp til henne om det skulle verta straffesak. Dersom ho ikkje kravde det, ville saka ha vorte avgjort på ein mindre belastande måte for henne.

Men ho måtte då godta at påtalemakta sitt standpunkt i skuldspørsmålet vert ståande. Korkje almenpreventive eller spesialpreventive omsyn talar – slik eg ser det - for å føre straffesak mot mora.

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:00.