Gå til sidens hovedinnhold

Rune Runnestø: Arbeidsmiljøet på JORS

Artikkelen er over 4 år gammel

Ringerikes Blad presenterer ei mobbesak på førstesida den 6. september. Både tidlegare tilsette og kommunalsjef for helse- og omsorg, Cecilie P. Øyen i Jevnaker kommune, er sitert i avisa.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Som grunnlag for at Øyen ikkje kjenner seg igjen i kritikken, viser ho til tilbakemelding frå dei hovedtillitsvalde frå Fagforbundet, Sykepleierforbundet og FO samt hovedvernombud og varslingsombud:

«Tilbakemeldingen er entydig. De kjenner ikke til at det skal være hold i påstandene...»

LES SAKEN HER: – Ingen bør behandles på denne måten

Fekk hjelp

Ifølgje Ringerikes Blad (RB) fekk Ellefsrud hjelp frå Fagforbundet til å gå til sak mot kommunen. Så kan Fagforbundet sjølvsagt likevel sei at dei ikkje kjenner til saksforholda, men at hjelpa kun har bestått i å rettleia den oppsagte i saksgangen.

Kommunalsjefens uttale er at «de kjenner ikke til at det skal være hold i påstandene».

Det kan like gjerne vera slik at dei ikkje kjenner til at det IKKJE skal vera hold i påstandane. Det er difor av interesse å få presisert frå kommunalsjefen om ho har fått tilbakemelding om at Fagforbundet eller andre av dei instansane ho refererer til, tek standpunkt til at det ikkje er hold i påstandane. Utan slik presisering, framstår formuleringa som tilslørande og manipulerande.

Varslingsombod

Kommunalsjefen opplyser til RB at Jevnaker kommune har varslingsrutiner og eige varslingsombod. Ho seier at det «aldri er gitt en varsling om trakassering».

Er det slik å forstå at Jevnaker kommune berre tek på alvor påstandar om mobbing som blir kanalisert gjennom varslingsombodet? Kommunalsjefen er sitert av RB på at «Jevnaker kommune er kjent med de beskyldningene som er fremkommet».

Det substansielle er at Jevnaker kommune har vore kjent med påstandar om mobbing. Det er kjennskapet til slike forhold som skal trigga handling, ikkje korleis informasjonen blir kanalisert.

Vidare er kommunalsjefen sitert av RB:

«Hun mener videre at påstandene ikke passer med resultatene i den siste medarbeiderundersøkelsen fra mai i år».

Medarbeidarundersøkingar er som regel ikkje utforma for å fanga opp mobbing på ein arbeidsplass. Med ein forekomst av mobbing på ca. 5% av arbeidstakarar på ein arbeidsplass, vil oppsummerte data frå ei medarbeidarundersøking vera for «grovmaska».

Dei fleste arbeidsmiljøundersøkingar svarar den tilsette på anonymt, berre der ligg ein stor begrensning, og tilsvarande risiko for at mobbing går «under radaren».

Spørsmåla i slik undersøking er gjerne generelt utforma, for eksempel at ein skal plassera påstandar om for eksempel leiarstøtte i jobben på ein skala frå 1 til 10. Det er ikkje vanleg at ei medarbeidarundersøking spør den tilsette direkte om vedkommande sjølv kjenner seg mobba, eller om vedkommande kjenner til at andre blir mobba.

Kommunalsjefen er sitert at Jevnaker kommune i den siste medarbeidarundersøkinga «ligger over landsgjennomsnittet innenfor de fleste områder. I tillegg viser sykefraværet en positiv utvikling. Det er en indikasjon på et godt arbeidsmiljø, mener Øyen»

Viss arbeidsmiljøundersøkingar skal kunna brukast til å samanlikna kommunar, forutset det at dei er likt formulert og designa i heile landet. For alt eg veit, kan det godt vera. Men uansett er ikkje årsak-følgje samanhengen så enkel som kommunalsjefen er sitert å gje uttrykk for.

Ei positiv medarbeidarundersøking frå mai i år, har ikkje alle dei som står fram som mobbeoffer i RB som respondentar. Det seier seg sjølv at dersom personar som har vore utsatt for mobbing, ikkje deltek i ei fersk medarbeidarundersøking frå mai i år, treng ikkje det tyda anna enn at no er Jevnaker kommune kvitt dei som vart mobba, og dermed kan resultatet bli farga av det.

Kommunalsjefen gjer eit forsøk på å gå inn i realitetane i det å bestrida ei sjukmelding:

«Et eksempel kan være at man totalt jobber langt utover de rammene arbeidsmiljøloven tilsier på grunn av arbeid hos biarbeidsgiver. Hvis Jevnaker kommune er hovedarbeidsgiver og opplever at belastningen blir for stor, vil ikke vi akseptere sykmeldinger som kun omhandler oss og ikke biarbeidsgiver. Som hovedarbeidsgiver forventer vi at restarbeidsevnen blir brukt hos oss når vi har mulighet til å tilrettelegge og jobbene er av lik karakter».

Viss arbeidstakar blir mobba i hovedjobben og arbeidsmiljøet er godt i bijobben, er ikkje desse to jobbane «av lik karakter». Det psykososiale arbeidsmiljøet er ein del av jobben, på lik linje med dei konkrete arbeidsoppgåvene og ansvarsområdet for jobben. Når det gjeld tilrettelegging, har ikkje arbeidsgjevar åleine definisjonsmakta for kva som er god nok tilrettelegging for den enkelte arbeidstakar.

Å ha ein bijobb, kan vera økonomisk nødvendig viss hovedjobben er ein deltidsjobb. Det kan også vera helsefremmande å ha ein bijobb med godt arbeidsmiljø, i stadan for å berre ha ein hovedjobb og vera sjukmeld frå den.

Helsefremmande

Det bør liggja «i ryggmargen» på ein god leiar å tenkja helsefremmande tiltak framfor sanksjonar overfor tilsette som strevar så godt dei kan for å utføra ein slitsom jobb i samfunnet. Eit samfunn der politikarar skaper rammevilkår for å skjera offentlege utgifter ned til beinet.

Og når det er gjort, spekulera på korleis ein skal gå laus på sjølve «beinet». Kor mange helsefagarbeidarar har Jevnaker kommune råd til å mista?

Kor mange helseskadelege leiarar har kommunen råd til å beholda?

LES OGSÅ:

Kommentarer til denne saken