Svein Olav Blindheim: Kvardagsrydding....

Nytt kurs?: Vaskebøtta på strak arm. Illustrasjonsfoto

Nytt kurs?: Vaskebøtta på strak arm. Illustrasjonsfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Svein Olav Blindheim har havnet i litt av en kattepine. Kona har tatt et kastekurs på nettet, og nå vil hun leie en container. Les hans fornøyelige skråblikk her.

DEL

SpaltistVi er så redde for å ikkje vere bra nok, redde for at vi ikkje har det fint nok og ryddig nok. Redde for å bli samanlikna. Vi liksom høyrer folkesnakket "Har du sett alt rotet deira, skjorareir".

Aviser, Bonytt og andre kulørte magasin serverer nedstrippa, stilige bomiljø, rett nok uoppnåelege og til dels sterile etter min smak. Men glansbilda står der så vi kan beundre dei og drøyme, mens dei dessverre også får oss til å føle oss litt mindreverdige. Og rett som det er dukkar det opp nye interiørbutikkar som skal ha oss til å kjøpe meir minimalisme, trass i at all lagerplass er maksimalt utnytta og huset renn over.

Men no har fruen betalt for eit kastekurs på nettet. Kurs der ho skal lære å kvitte seg med alt ho ikkje har brukt på ei stund. Ektemannen skjelv i buksene, ikkje berre for eigen del, men også for alt av uvurderlig verdi som han egenhendig har samla.

For ein småbrukarson frå det nøysomme kystnorge er "kastevesenet" ein uting, eit uvesen. Vi i samlarlauget har ein filosofi, stikk i strid med innhaldet i kastekurset, som går ut på at dess lenger du har hatt ein ting, dess sjeldnare er den, og dess høgare verdi. Det er som pengar i banken, og sjølv om rentene er lave, så jobber tida for oss. Derfor seier vi som Sunde: "Ikke kast den du får nok bruk for'n en vakker dag",

Men dermed får vi problem når det kjem til dette med realisering av verdiane. Vi veit at det er sjølvberging i kvar ein liten skrue, så her er sjølvbergingskurset og kastekurset kraftig på kollisjonskurs om vi kan seie det slik.

"Hæ - leige container?!?- Ej trur du e på styr kjerring"!

Men mot ein 3000 år gammal kinesisk Feng Shui-filosofi har vårt jordiske tanke- og anna gods lett for å kome til kort. Skal eg gå for container, så må det bli ein permanent ein såpass at eg kan gå og hente opp att det eg som regel får bruk for, dagen etter at eg har kasta det. For ein som er opptatt av å halde seg i form, så kunne det ellers vere ein ide å ta ryddinga som trening, kvardagsrydding som kvardagstrening! Der har vi eit opplegg til nytt kurs. Vaskebøtta på strak arm. Versågod den som kjenner seg kalla.

Eg har ikkje tid, for eg må rydde.

Flere tanker fra Svein Olav:

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags