Hønefoss bru, ein novemberdag i 2015:

Hattemakar Halstein Knutsson, opprørar og bypatriot, står framleis på plass på Hønefoss bru. Det er berre det, at no liknar plassen ved brua ein søppelplass. Det er lause steinheller, ustelte busker og bed, lause ledningar, plast og skit.

Raaens relieff

I 2002 skulle Hønefoss feire 150 år som eigen by.

For at byjubileet skulle bli meir enn konsert og kongeleg besøk, ga arbeidarrørsla på Ringerike eit kunstverk, eit minnesmerke til Hønefoss by: Eit relieff til minne om hattemakar-krigen, laga av den dyktige og engasjerte kunstnaren Asle Raaen.

Relieffet viser ein arrestert hattemakar med handa i veret og lenke om foten, saman med andre aktørar frå dei dramatiske sommardagane i 1851.

Hatt ut, caps in

Hattemakar Halstein Knutsson (1805-1855) kom frå Drammen via Kristiania til samfunnet ved Hønefossen på 1840-talet. Han gifta seg inn i den kjende Ridder-familen, med enka etter ein hattemakar. Dårleg taiming. På denne tida var det ut med hatt og inn med caps og sixpence.

Så hattemakaren fekk god tid til å fiske i Ådalselva – og til å tenkje. Han tenkte at Hønefoss burde bli by, at Hønefoss-folka burde få eigen bank, og rettferd for folk.

LES OGSÅ: Da byen brant

Thrane-ria

I mars 1849 kom Marcus Thrane (1817-1890) til Hønefoss. Han reiste rundt og starta arbeidarforeiningar, blant anna på Ringerike og Hadeland. Allmenn stemmerett og betre skole, var nokre av ideane hans. Hattemakaren melde seg straks inn. Han var ein ivrig agitator og demagog, stor i kjeften.

På det såkalla Lilletinget på Bygdøy i 1851 skulle hattemakaren ha vore usakleg og snakka kritisk både om Gud og Stortinget. Verre kunne det ikkje bli.

Soldatar på veg

Hattemakaren og andre skulle arresterast.

Helge Tytodden, stor og røslig ådøl, var livvakt og følgjesvein for hattemakaren. Han heldt lensmann Robsham ut for bybrua, er det sagt, og er tillagt denne replikken: «Det må væra uråd å la øvrigheta ta Knudsen!» Kvinnene på Øya viste forakt for soldatar og politi frå Kristiania, dei drog opp stakken og snudde blanke baken til. Dårleg signal til øvrigheita, det då.

Relieffet hans Asle Raaen tolkar dette opptrinnet frå bybrua – på bybrua, der det skjedde. Fin plassering, midt på brua, midt i folkelivet.

Tragisk slutt

Straffa vart streng for hattemakaren og nokre kampfeller ved Hønefossen. Hattemakaren fekk ni års straffarbeid. Men straffa vart kortare, for han tok sjølvmord då han skulle flyttast frå Akershus fengsel til Tukthuset i Kristiania. Tytodden drukna, truleg med vilje. Ein tredje hengte seg.

Håpet var ute for arbeiderforeiningane. Men dei danna grunnen for den seinare arbeidarrørsla.

Jubileumsgåva

Det var eit fint og viktig minnesmerke byen fekk til jubileet. Kven tar seg av gåva i dag, med respekt for kunsten og historia? Givaren? Byen som fekk gåva? Og kven er det? Ringerike kommune? Grunneigar Tronrud?

Historia om hattemakaren og Thrane-ria er byhistorie, lokalhistorie og rikshistorie, ja ein del av historia om organisering og rettferdskamp i Europa på 1800-talet.

Og no står han der då, hattemakaren, på ein skitten og ustelt plass på bybrua, blant lause steinheller, overgrodde bed, plastposar og anna søppel, gitt som gåve til Hønefoss by.