Museumssjefen på museum

Olav Norheim har skrevet et leserinnlegg om nyansettelse av museumsdirektør for Buskerudmuseene.

Olav Norheim har skrevet et leserinnlegg om nyansettelse av museumsdirektør for Buskerudmuseene. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Leserinnlegg I dag skal det kanskje tilsetjast ny direktør for Buskerudmuseet, ein fagleg og administrativ sjef over dei fleste musea i fylket. Ein viktig jobb.

Den konstituerte direktøren vil ikkje fortelje media kven som har søkt. Media har slått seg til ro med det. Dumt. Buskerudmuseet har lidd under hemmelegheitskremmeri og isolasjon sidan starten. Dyrt kan det også bli.

Det er best med open prosess om slike saker. Buskerudmuseet blir drive av fellesskapets midlar, etter det eg veit. Offentleg drift. Offentleglova må då gjelde. I visse miljø er den lite brukt og lite forstått.

La oss håpe styret denne gongen kan tilsetje eit museumsmenneske.

Dessutan bør styraren no få tilhald på eit museum i fylket, ikkje åleine saman med økonomisjefen på eit isolert kontor i Hønefoss.

Ein naturleg sentral stad ville vera Veien kulturminnepark.

Ein regional museumsstyrar bør sitte på museum. Det er ein modell dei har valt i Hedmark og i Oppland. Og der er det museum som får det til.

LES OGSÅ: Helge Stiksrud fratrer som direktør for Buskerudmuseet

Den konstituerte direktøren vil ikkje fortelje media kven som har søkt. Media har slått seg til ro med det. Dumt. Buskerudmuseet har lidd under hemmelegheitskremmeri og isolasjon sidan starten

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken