Halldis Aalvik Thune: Æres den som æres bør

I dette innlegget tar Halldis Aalvik Thune for et minnesmerke for å hedre de som reddet liv 22. juli.

I dette innlegget tar Halldis Aalvik Thune for et minnesmerke for å hedre de som reddet liv 22. juli. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Burde det ikkje heller setjast opp eit «minnesmerke» som heidrar dei som med fare for sine egne liv var med på å redda mange ungdomar i livsfare? skriver Halldis Aalvik Thune i dette innlegget.

DEL

LeserinnleggDet er framleis mange meiningar om kvar minnesmerke over dei mange som mista livet sitt på Utøya skal setjast opp, og nokon meinar at det er nok med det minnesmerket som er på sjølve Utøya og i kvar av dei kommunane som mista nokon av sine ungdomarar.

Men burde det ikkje heller setjast opp eit «minnesmerke» som heidrar dei som med fare for sine egne liv var med på å redda mange ungdomar i livsfare? Kvifor skal dei måtta leva med eit minnesmerke for dei falne ungdomane like innpå seg til dagleg, som vil minne dei på den forferdelege hendinga.

Er det ein verdig måte å takke dei for innsatsen? Det vert ikkje mindre vondt for dei som mista sine kjære, ved å gjera andre vondt!

Hallldis Aalvik Thune

Vil det ikkje vera ei betre løysing for alle, om ein brukar alle dei millionane eit minnesmerke over ungdomane som mista livet sitt, å bruka desse for å hjelpa andre born og ungdomar som er i ferd med å miste liva sine, grunna mangel på livsviktig tilførsel av næring for å overleva i ein vanskeleg livssituasjon, grunna krig og hungersnaud?

Dersom Kirkens Nødhjelp og Leger utan grenser får dele dei millionane eit minnesmerke ved Utøya vil koste, så kan det sjåast på som eit verdig minnesmerke og som ei takk til dei, som med fare for sitt eige liv, var livreddarane for våre umistelege ungdomar!

Ære være dei som æres bør, ikkje sant?

LES OGSÅ: Utøya-naboer splittet i synet på minnesmerke

LES FLERE INNLEGG:

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags