Anette Morén har skrive eit fint innlegg i Ringerikes Blad 4.april mot det planlagte minnesmerke på Sørbråten, og oppmodar alle til å vakne og engasjere seg mot det.

Eg skreiv i Ringerikes Blad og Aftenposten i mars 2014 at det planlagte minnesmerke på Sørbråten truleg vil vera i strid med nabolova. I § 2 i nabolova står det at «Ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe for granneeigedom».

LES OGSÅ: Lov kan stanse bygging i flere år og Betre å finne ein annan stad?

Etter det som er kome fram i løpet av desse to åra som er gått, mellom anna ein sakkunnig rapport om dei psykiske skadeverknadene av eit minnesmerke på Sørbråten, er det grunn til å tru at det vil vera i strid med nabolova og at retten kjem til å nekte minnesmerket oppført der.

Til samanlikning viste eg i eit innlegg i Ringerikes Blad 9. april 2014 til dom frå Bergen byrett, om at ei kyrkje vart nekte oppført i eit bustadområde for di bebuarane der ville få ringare utsikt.

Minnesmerke bør byggjast ein stad det ikkje sjenerar nokon. Utsiktspunktet rett opp for Utøya kan vera ein høveleg stad. Der ligg mykje alt til rette, mellom anna parkeringsplassar. Etter nabolova § 2, andre ledd skal det leggjast vekt på kva som er teknisk og økonomisk mogeleg. Utan tvil er det teknisk og økonomisk mogeleg å setja opp minnesmerket der.

Tek ein omsyn til kva ei rettssak vil koma til å koste, både i pengar og plager for folk, kan hende gjennom fleire rettsinstansar, vil pengane kunne brukast betre ved setja opp eit fint minnesmerke der.

Regjeringa bør difor ikkje trumfe igjennom eit minnesmerke på Sørbråten. Dei som har mista ein av sine kjære på Utøya, kan bidra til å stogge det ved å gå inn for å oppføre minnesmerket ein annan stad, slik at ingen vert sjenert. Då vil minnesmerket verta eit samlande minnesmerke for alle.

LES OGSÅ: