Gå til sidens hovedinnhold

MDG vil ha Nittedals-traséen | Margit Fausko (MDG)

– Eg er stolt av vårt standpunkt til Fellesprosjektet Ringeriksbanen og ny E16.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Takk til innlegg frå Mary Blikken Gravdahl for innlegg i Ringerikes Blad. Maya framhever viktigheita av klima, natur, matjord og rettferdig omfordeling.

Det ser også ut til at ho har misforstått MDG sitt standpunkt til bygging av Ringeriksbanen, når ho ber oss stikke fingeren i jorda.

LES OGSÅ: Hareide om Ringeriksbanen: – Signerer avtale i juni

Er van med skitt under neglane

Eg er MDG sin toppkandidat i Buskerud til stortingsvalet i år, og som odelsjente frå Hemsedal og snart ferdig med landbruksutdanning ved Ås kan eg bekrefte at eg er vane med skitt under neglane.

Nasjonal og global matsikkerheit mot slutten av dette århundret er min uttalte hjartesak som eg går til val på til hausten.

Les også

Friluftsliv, trivsel og folkehelse | Mary Blikken Gravdahl

Difor er eg stolt av vårt standpunkt til Fellesprosjektet Ringeriksbanen og ny E16, som regjeringa planlegg skal øydeleggje vakre landskap, internasjonalt verdifull våtmark, forverre den økologiske tilstanden i Steinsfjorden, og byggje ned hundrevis av dekar med den mest fruktbare matjorda i Noreg - og i tillegg gå minimum 17,5 milliardar i netto tap for samfunnet.

Sterkare vern

MDG går til val på eit dramatisk sterkare vern av matjord og natur over heile landet.

Det viser me også ovanfor Ringerike og Hole, og er forbausande nok einaste parti som vil forkaste dagens FRE16 og lage ein plan som faktisk verdset dei fantastiske verdiane i landskapet.

Ny E16 må ut av planen. Det er uaktuell for oss å byggje ein klimaskadeleg motorveg midt i ei eskalerande klimakrise. Samfunnet må bli meir nøkterne i bruken av pengar, areal og ressursar til vegprosjekt, og heller enn prestisjeprosjekt må me prioritere opprusting og trygging av eksisterande vegar.


Banen må overførast til ny trassé. Me ynskjer å byggje raskare tog mellom Oslo og Hønefoss, som også forkortar Bergensbanen, men Sundvollen og Kroksund er uaktuelt for oss å støtte.

Alle piler peiker på at Nittedals-traséen vil vera langt betre for miljøet, og samfunnsøkonomien, i sin heilskap.

Mindre verdifull natur og matjord går tapt, og toget får moglegheit til å gå via godsterminalen på Alnabru, som er heilt naudsynt for å få meir godstrafikk frå vekk trailarar og over på Bergensbanen.

Nittedals-trasèen

Difor gir me Nittedalstraséen ei skikkeleg utgreiing i våre alternative statsbudsjett og det er klart at det er dit me peiker i vår alternative transportplan som me lanserer i juni, GrønNTP. Også gjennom Nittedal vil me anstrenge oss for å finne lokale trasséval som gjer minst mogleg skade på natur og matjord.

Me vil gjennomføre ein ryddig og god planprosess, utan å hoppe over den viktige konseptvalutgreiinga eller 1. kvalitetssikring, slik som regjeringa har gjort med dagens plan.

Tog er framtidsretta, men også tog må gjerast skikkeleg.

Når det gjeld skatt er MDG einige med Maya i at skattelegging må vera rettferdig for å få med folk på den globale klimadugnaden. Det viktigaste MDG gjer for å få ned forskjellane er ein progressiv omfordeling i skattesystemet.

Innfører arveavgift igjen

Me innfører ein progressiv arveavgift, med høgt botnfrådrag og ekstra progressiv sats for arv over 20 millionar. Me går også inn for ein progressiv formueskatt med høgt botnfrådrag, ny og betre boligpolitikk, og ein progressiv inntektsskatt, der dei som har låg eller gjennomsnittleg inntekt får skatteletter.

Skal sosial profil i tillegg prege våre miljøavgifter? Delvis! MDG vil innføre ein klimabelønningsordning (også kalt KAF) som tek for seg dei viktigaste miljøavgiftene, slik som diesel/bensin og fly, og i staden for at staten får desse pengane vil me heller dele dei flatt ut att til folk.

Les også

Bergensbanens forlengelse | Kåre Bech

Dei som forureiner mykje, tapar - dei som forureinar lite, vinn. Me vil også ha ein sosial og geografisk profil på utdelinga, slik at dei som er mest avhengig av bilen, altså distrikta, får meir att enn byane, og folk med sosiale behov for bil og fly blir skjerma.

Samstundes er reduserte kollektivprisar med 20 prosent over heile landet noko av det viktigaste for oss.

Billigere å leve miljøvennlig

Me vil fjerne momsen på reparasjon, elsyklar, frukt og grønt, senke merverdiavgifta på mat- og ølservering, og gjere andre tiltak som gjer det billegare å leve miljøvennleg.

Nå fremjer MDG forresten forslag på Stortinget om å gjere det vanskeligare å kjøpe småbruk mellom 10 og 35 dekar som hytte, for å gjere det enklare for småbruksdraumarar med mindre pengar å sleppe til på dei tusenvis av ubebudde bruka i Noreg, apropos å stikke fingeren i jorda.

Me heier på dei som vil dyrke landet.

Kommentarer til denne saken