Gå til sidens hovedinnhold

Seniorfest på Ringerike Folkehøyskole

Artikkelen er over 4 år gammel
Innsendt

Alle forventningane vart innfridde, og vel så det, skal ein tru dei mange applausane som kom etter alle dei fine framføringane både av dans, årgangsrevy og den jublande songen frå det store elevkoret som ei fantastisk avslutning på ei hjartevarm oppleving med alle desse flinke ungdommane.

Gjenom alle dei fantastiske framføringane fekk ungdomane fram det beste i og hjå kvarandre i eit fint samspel.

Det heile var imponerande gjort, og fekk fram både livsglede og latter hjå dei godt vaksne i tilskuarane.

Salen var fyldt av seniorar som gledde seg stort over all den kreativitet og livsglede desse folkehøgskuleelevane spreidde gjenom kvart einaste innslag og framføring frå senen.

Og mange av tilskodarane fekk nok kjenne litt på all den livsglede og energi dei eingong sjølve hadde då dei var på same alder som elevane, og som sjølve hadde hatt gleda av å gå på ein folkehøgskule ein gong langt attende i livet sitt.

Eit år på folkehøgskule er med på å gjeva ungdomane betre sjølvkjendsle ved å få litt livsvisdom med seg på vegen framover, gjenom kunskapsrike lærarar, som ser kvar og ein elev og bryr seg om dei.

Det var også invitert til hyggeleg samling i den fint borddekka matsalen, saman med elevane. Og så vart det servert rjomegraut, kaffi og kaker til, medan praten gjekk i trivleg lag.

Eg var så heldig å få sitja saman med tre kjekke ungdomar ved matbordet.

Dei lika alle å gå på Ringerike Folkehøgskole, og hadde klåre planar om kva dei skulle fortsetja med når skulegangen der var avslutta.

Det var og ei imponerande utstilling av teikningar og andre kunstutrykk av elevarbeid til salgs, for interesserte frammøtte.

Det vart trekkt mange fine gevinstar etter loddsalget for skulen sitt solidaritetsprosjekt i India, der fleire elevar var no. Og best av alt, som takk til elevane og skulen for festen, fekk lotteriet inn godt over 7.000,- kroner til elevane sitt viktige arbeid i India.

Takk til både elevar og lærarar, som ved så stor arbeidsinnsats gav oss ei så fin oppleving til felles innsats for skulens solidaritestprosjekt i India.

Kommentarer til denne saken