Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er påbudt å bruke bilbelte også i buss, jf. forskrift frå Samferdselsdepartementet av 21.9. 1979.
Bussulukka på Steinssletta førde til at to av passasjerane vart innlagt på sjukehus og 19 vart brakt til legevakta. Det er naturleg å spørja om passasjerane hadde festa setebeltet.
Dersom skade oppsto fordi setebeltet ikkje var festa vil det vera ei påminning om kor viktig det er å bruke setebeltet i bussen.
Dei fleste fester setebeltet automatisk i personbilen. Vi er kan hende ikkje like flinke til å gjera det når vi køyrer buss? Det bør me verta.