Topptur og stive bein

Topptur: Fleire enn turgåaere kan få vonde bein. Arkivfoto: Beate Kold Hansen

Topptur: Fleire enn turgåaere kan få vonde bein. Arkivfoto: Beate Kold Hansen

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei helg i sommer var vi på eit svært så triveleg vennetreff i Luster. På søndagen gjekk vi fjelltur, og i eit innfall av overmot melde eg meg på den lengste ruta som innebar 1100 høgdemeter frå Marifjøra og opp på fjellet Molden.

DEL

SpaltistÅ gå opp gjekk greitt, verre var det å kome seg ned igjen med stil. Aldri har eg vore så støl som eg blei - ikkje dagen etter, men dagen etter der igjen.

Eg fekk ein forsmak i det eg skulle stige ut av bilen i Hønefoss søndags kveld. Å pakke ut av kufferten var ikkje aktuelt. På stive bein måtte eg berre stolpre meg inn i sofaen og legge meg til rette for EM-finale i fotball mellom Portugal og Frankrike. Stakkars meg!

Der var det forresten fleire som hadde vonde bein. Særleg nokre av portugisarane hadde ein tendens til å ligge og vri seg i smerte, for så i neste augneblinken å sprette opp igjen som om ingenting hadde skjedd. Det tar seg dårleg ut på TV, sjølv om eg for så vidt kan kjenne igjen fristelsen til å klage litt ekstra for å få medkjensle frå dommaren, eller frå kona. Ingen allv dei er særleg lettlurte.

Men hjå Ronaldo og meg var det alvor. I store smerter låg vi og vrei oss, eg i sofaen, og han på bana på Stade de France. Ronaldo måtte gråtande gi seg etter 8 min, mens eg beit tenna saman og kjempa kampen ut. Vi fekk vår belønning, dåkke veit at den som gråter sist gråter best, og til sist gråt vi begge to av glede.

Portugal vann og det var heilt greitt, sjølv om eg på førehand var litt lei av sutringa til Ronaldo, verdens beste fotballspelar. “Han kan oppføre seg som ein furten gutonge av og til”, klaga eg, mens fruen repliserte blidt at det visstnok var gjenkjenneleg det og.

I store smerter låg vi og vrei oss, eg i sofaen, og han på bana på Stade de France.

Om det gjorde vondt i beina på søndagskvelden, så var det ingenting mot det eg hadde i vente. Å kome seg ut av senga mandag morgon var eit reint helvete, trøysta var at Ronaldo hadde det sikkert vondt han og. Han kom seg til toppen i EM, mens eg hadde vore på toppen av Molden.

Og - ja, det det skal koste litt å ha vore på toppen.

Artikkeltags