Erland har ei lang og imponerande idrettskarriere bak seg. Han har gjennomført fleire maratonløp, og har delteke både i Danmark, Sverige og Noreg. Den store Styrkeprøven på sykkel frå Trondheim til Oslo har han teke fleire gonger. Også i vinterhalvåret var han aktiv, med fleire Birkebeinerrenn, Grenaderen og uttallige andre skirenn.

Turorientering var ei hjartesak. Erland sto i startgropa kvar vår for å skaffe seg årets turorienteringsprogram frå Fossekallen og Ringerike orienteringslag. Han kunne knapt vente til snøen var gått før han tok dei første postane. Erland ligg på topp med 38 gullmerker i Ringerike orienteringslags adelskalender.

Erland har vore ein god familiefar og har teke seg sers godt av borna og dei seks borneborna, som har hatt eit godt føredøme i far og bestefar. Det er trist at Erland ikkje er meir.

På ein måte var det fint at han tok avskil med familie og vener medan dreiv med det han trivdest så godt med, og sette så stor pris på.

Fred over Erlands gode minne!