Oppå Ringerike reine himmelrike

Tegning: Halvor Blindheim

Tegning: Halvor Blindheim

Artikkelen er over 2 år gammel

Ja, vi får vel gi Einar Rose litt rett i det, slik han syng i si ikke altfor kjende vise.

DEL

SpaltistI avdeling for kuriøse Ringeriks-viser slår Gro Anita Schønn likevel alle rekorder i ein fantastisk låt frå 1976, der ho vil bort frå storbyens stress og mas og ynskjer seg til det gode, sjølvforsynte liv på Ringerike, for; «På Ringerike trenger´u´kke penger».

Javel? Det var nytt for meg, og det stemmer vel ikkje heilt med mine erfaringer, for å seie det slik. Men det gir i alle fall eit hint om kva for oppfatning det urbane Norge har hatt om Ringerike. Sånn sett går svermeriet som ein raud tråd frå dei to nemnde og til Paasche Aasen sin «Blåveispiken».

«Her skinner sola, det gror i jorda -»

For å halde oss til Rose, så kan det sjå ut som om reklamen har virka. Unge familier tar farvel med det hippe, coole Oslo til fordel for for eit meir berekraftig liv på Ringerike, gjerne på eit småbruk med katt og kaniner. Eg kjenner fleire eksempel på det.

Reklame fungerar best når den bygg opp under allereide eksisterande oppfatningar og behov, blir det sagt. Vi skal vere stolt over å bli sett på som ein sjarmerande småby med malerisk bondeland rundt, og vi skal dyrke det både konkret og i overført betydning.

Min favoritt er likevel straumstans. Statistikken viser at det verker gunstig for fødselsraten.

Svein Olav Blindheim

Når enkelte trur dei kan ramme oss med festlige påstander om at det går høner rundt i bysentrum, javel - køyr på, fyr opp under småbystatusen og ver stolt av det. Vi må ikkje la mindreverdskompleks styre utviklinga. Kanskje vi i staden kan vere litt sjølvironiske og lansere slagordet: «Hønefoss - rett vest.. for Oslo!» Og blir det slik at Ringeriksbana byggast ut, så treng det ikkje å gå den vegen høna sparker sjølv om vi droppar å bygge storby.

«-det er vakkert og grønt.»

Trass i Gro Anita sin påstand, så treng vi litt penger, men la for all del ikkje pengane styre alt. Bygg ikkje ned dyrka mark, sjølv om det kortsiktig kan vere litt billigare enn alternativa. La det vere rom for grønt også inne i sentrum. Eg har mistanke om at mykje godt bo -, og bymiljø blir ofra på «fortetningen alter».

Fortetning betyr ikkje nødvendigvis å plassere flest mogeleg personer oppå kvarandre i over 20 etasjar, sjølv om ein utbyggar gjerne vil tolke det slik. Myndigheitene nyanserer begrepet i ein veileder til St. meld. 31, «Fortetning med kvalitet»…

«...deilige kvins»

Ei hemmelegheit som Einar Rose avslører, er dei flotte damene på Ringerike. Stein Aabø i Dagbladet skriv også om dei nokre tiår seinare. Om Hedvig, Britt og Marte som blei forsøkt sjekka opp av rike bærumsrivalar med navn som: Knoph og Bugge-Hjort. Ja, sjølv Per Christian Foss var på Hønefoss-raid fleire gongar.

Men Marte valgde bort pengane og tok ein musikant frå Sunnmøre, eit valg som sikkert var heilt greit for Per Christian. Som vi veit i dag, så var han ikkje så opptatt av “deilige kvinns”, dermed kunne han ikkje bidra særleg til det neste punktet.

«Og folka låter ikke, unga gråter ikke-»

Om Ringerike skal nå sine ambisiøse befolkningsmål så må ein gå til drastiske skritt. Kanskje bør Ringeriksdagen utvidast til Ringerikskvelden, eller til og med Ringeriksnatta. Kunne det friste? Ein offentleg dugnad med ordfører Kjell B som vert?

Det har faktisk vore prøvd før. I Porsgrunn gav ordføraren gratis hotellrom til unge par 9 mnd før byjubileet, det var ei slags alternativ jubileumsgave frå - og voneleg til - byen.

I Porsanger ville rådmannen fjerne alle preventiver frå butikkhyllene, og ein ordførerkandidat i Måsøy foreslo å betale kr 10.000,- for kvart nytt barn som blei fødd i kommuna.

Min favoritt er likevel straumstans. Statistikken viser at det verkar gunstig på fødselsraten. Ole Sunnset i Ringeriks-Kraft etterlyste auke i folketalet i RB i fjor, han sit sjølv med handa på brytaren. Tenk om han kunne ha slått av kvar kveld kl 22.00. Svarte skjermar, raud vin og stearinlys.

Det må bli ungar av slikt, i alle fall hos dei i produktiv alder. Vi gamlingane får sjå det som rein bonus, og kanskje det til og med kan kome litt liv i gamle glør.

Og slik kan vi gi Einar Rose rett i at: «- oppå Ringerike reine himmelrike, ja hver eneste kveld».

Her kan du lese flere betraktninger av Blindheim:

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags