Førde (ANB): Står snart ferdigbygd i Leirvik i Sogn.
Det produsenten Havyard Leirvik omtalar som det mest avanserte dykkarskipet i verda som nokongong er blitt bygd, «Acergy Havlila» er no på prøvetur i Sogn, melder Firda.
Skipet er det største som har blitt bygd ved Havyard Leirvik, og denne veka er det siste innspurt på skipet, som skal leverast til reiarlaget i midten av september.
– Vi er veldig stolte når vi ser dette flotte skipet segle på prøvetur i Sognefjorden. Dette er det mest utfordrande prosjektet for Havyard Group så langt og medarbeidarane i dei forskjellige Havyard -selskapa har gjort ein fantastisk jobb.
Dette seier Trygve Solaas, prosjektdirektør ved Havyard Leirvik AS.
Skipet er eit spesialbygd skip for operasjonar under vatn assistert av metningsdykkarar. Helt frå byrjinga har skipet blitt designa for å passe til dei avanserte systema for metnings dykking. (ANB)
Og det kan være alt fra enkelt til veldig kostbart å fikse.
11.02.12 - 02:56
Her er den komplette listen:
11.02.12 - 36:05
Da er det kanskje ikke så rart at det ble kroken på døra?
11.02.12 - 10:51